Den gløymde vinnaren

— Eg er absolutt ikkje ute etter nokon pengepremie eller festmiddag. Alt eg vil er […]

— Eg er absolutt ikkje ute etter nokon pengepremie eller festmiddag. Alt eg vil er at namnet mitt for ettertida blir kopla til kommunevåpenet, det er trass alt eg som har teikna motivet og synest at det er det minste eg har krav på, seier Vigdis Viland.
Ho meiner det er litt i overkant arrogant av kommunen å bruke hennar motiv utan så mykje som eit klapp på skuldra.

Lite gjennomtenkt konkurranse
Vigdis Viland har gjennom åra fått mykje kunnskap om heraldikk og kommunevåpen. Ho synest det var lite gjennomtenkt av kommunen å utlyse til ein konkurranse der det ikkje kom fram noko om dei strenge reglane som gjeld for utforming av kommunevåpen.
— Utforming og lovvedtekter burde absolutt vore nemnde då dei lyste ut konkurransen. Berre tenk på alle dei som deltok. Dei la ned mykje tid og ressursar utan å vite kva dei burde ta omsyn til. Eg synest sånt noko er å halde folk for narr, seier ho.
Ho er heller ikkje spesielt imponert over jurysamansetninga.
— Eg trur ikkje mange av dei som sat i juryen hadde fagleg kompetanse innan heraldikk, dette er også noko som eg har undra meg over. Hadde dei spurt meg, som i alle fall kan litt, hadde eg gladeleg blitt med, seier Vigdis Viland.
Det at ikkje nokon av teikningane som juryen la fram som mogelege vinnarar gjekk gjennom nålauget til Riksarkivet, seier sitt om den saka.

Kven vinn?
— Kva synest du om kommunevåpenet til Vindafjord?
— Med den raudfargen synest eg rett og slett det er litt provoserande og hissig. Det var mykje finare med grønfargen som gav eit fredeleg inntrykk. Men det går seg vel til, ein blir van med det meste, seier ho og smiler.
25.000 kroner er utlova til premiering av konkurransen.