Eg ser for meg alle djupe dalar, og høge nutar, der eg vandrar i lag med andre gutar. Me leita etter sauer, kyr og stutar. Eg minnest vegane der eg tråkka i andre sine fotefar, til dei som tidligare her var.
Molter og andre bær, har eg plukka her. Eg kjenner kvar tua eg ser. Eg høyrer Bjørnaskoltsbekkjen korleis den sildrar og brusar, og vinden kor den rundt fjelltoppen susar.
Eg takkar deg fjell for alt du har vore for meg, eg ser opp til deg. Nå er eg gammal og det lir mot kveld, så fleire fjellturar ikkje på meg fell.
Ingvald Åsheim