«Kvi skal manneætta lida?»
gåte er – og spørsmål – her.
Ut or sjølvransakings kvida
stutte glimt av svar me fær:
Første to vil oppveg ganga,
dregst av lygn på nedveg inn.
Så er dei og – slekta – fanga
fast i dulde trådars spinn!
Her, her er den store løyndom,
kjent av mange, skjønt av få,
synt i livet som ein røyndom
i det store som det små:
Livet er, som kvist til greina,
eitt med livsens største verd.
Liv, med livsopphav sameina,
stig og veks på oppgangs ferd!
Men vert oppgangs sti fornekta,
nedgangs veg lyt foten gå.
Difor er det og at slekta
fær så mykje vondt å sjå.
Livsens lov frå Juda grender
berre opp og framgang vil.
Dødens lov mot nedgang vender,
den er hard der den slepp til!
Difor manneætta lider.
Difor unge voner brast.
Difor kjærleik sårt seg kvider.
Difor tanken gjekk seg fast.
Difor store verde øydest.
Difor bygg vart reist på sand.
Difor manneætta nøydest
til å øyda liv og land!
Der kor kraft frå stamma stengjest,
der vil greina bleikna bort,
og der vondskaps flammar fengjest,
der arbeidar flammen fort.
Hans Bergsvåg