Men det sterke engasjementet for å berge arbeidsplassane, kan lett slå tilbake på politikarane som ein boomrang. Utfallet kan nemleg avsløre at dei står makteslaus i å hindre at folk mistar jobben og tradisjonsrike industriarbeidsplassar blir rasert.
Spesielt gjeld dette næringsminister Børge Brende som har gått høgt opp på banen, og oppfordra Norske Skog om å tenkje seg om ein gong til og vise samfunnsansvar. Det er overraskande at Høgrestatsråden vil går inn med statlege kroner. Forgjengaren hans Ansgar Gabrielsen blir i tilsvarande situasjonar hugsa for at han sa at verktøykassa var tom.
På tampen av valkampen har pipa fått ein litt annan lyd hos partikollega Brende. Det uklare er om han har tenkt å engasjere seg like sterkt for andre arbeidsplassar og bedrifter der nedlegging er tema. Tusenar av arbeidstakarar i Hydro sine aluminiumsverk på Vestlandet vil gjerne ha tilsvarande engasjement frå ministeren som endå til er aksjemajoritetseigar i Hydro. Aluminiumsprodusenten er i ferd med å vende fleire industrisamfunn ryggen. Hydro går heller inn i metallproduksjon i Quatar, der det er enorme mengde billig gass i eit land som står utanfor Kyoto-avtalen.
Det er all grunn til å ønskje initiativet til næringsministeren velkommen. Men det er høgst usikkert om statlege kroner i kombinasjon med nye private investorar kan hindre at papirfabrikken blir nedlagt. Det er ein merkeleg situasjon at Norske Skog skal drive marknadsregulering og boikotte den frie konkurransen som vanlegvis er honnørord i ein sunn marknadsøkonomi.
Dersom politikarane mislukkast i bergingsforsøket, kan det skape ytterlegare politikarforakt fordi dei dermed avslører kor lite dei har å stille opp mot marknadskreftene. Ei omfordeling av makt i det norske samfunnet som dei sjølve har vore med på å akseptere.