– Denne kampen vinn me

Nynorskfolket er i fyr og flammar. Og 39-åringen frå Skånevik har tenkt å halda bålet […]

Nynorskfolket er i fyr og flammar. Og 39-åringen frå Skånevik har tenkt å halda bålet varmt. Lenge.
— Eg skal vera ærleg å seia at eg ikkje i mine villaste fantasiar hadde tenkt at det skulle bli slikt eit sirkus då eg for knappe 14 dagar sidan vart vald til ny leiar i Norges Mållag. Det er jo ikkje første gongen me går hardt ut mot bokmålsdiktaturet i dei store laussalsavisene. Men denne gongen har me også fått laga eit opprop på nettet. Noko som allereie har synt seg som ei av dei meir vellukka i sitt slag. Då eg sist var inne for å sjekka hadde over 11.000 personar skrive under på at dei ønskjer å oppheva forbodet mot nynorsk i VG og Dagbladet. (Natt til i går var talet 12.000!) Det er ein eventyrleg start. Så er då også potensialet stort. Det er faktisk 600.000 som brukar nynorsk i dette landet, fortel Tungesvik.
Lista som ligg inne på http://www.nm.no er laga slik at ein til ei kvar tid kan sjå dei ti siste som har registrert seg. Her kan ein også få ut lister for kvar kommune. Eit kjapt søk fortel at veldig mange frå Skånevik har gjeve si heile og fulle støtte til sambygdingen og målsaka.
— Det varmar å sjå at så mange heime støttar opp om dette særs viktige oppropet. Eg reknar også med at folket i Ølen og Vindafjord kjem sterkare på bana etter dette oppslaget i Grannar, smiler målmannen.

Få argument
Heile sist veke var forretningsadvokat Steinulf Tungesvik i Drammen i samband med ei større rettssak.
— Eg brukte vel nærare ti timar om dagen som advokat. Om kveldane sprang eg frå det eine fjernsynsstudioet til det andre, og var tidvis simultant i fleire radiokanalar. I tillegg hadde eg kvar kveld eit utal meldingar frå skrivande journalistar på mobilen. Klart det vart litt stritt, men du verda kor moro. Tapt søvn kan ein ta att seinare, meiner den populære studiogjesten. I mange av programma vart det reine mediemåldebattar der folk frå VG og Dagbladet også møtte for å svara på kritikken frå Tungesvik og disiplane hans.
— Dei verka ikkje særskilt komfort med situasjonen. Folket frå Akersgata svara likevel høfleg med at slik hadde det vore til alle tider, og då ville det vel vera mest naturleg at det også vart slik i framtida. Ikkje nett dei beste argumenta. Det er ikkje veldig lenge sidan kvinner ikkje fekk tala i forsamlingar. Eg berre nemner det. Nei, denne kampen trur eg faktisk me kjem til å vinna.

Mangfald
— I ei tid der tanken om mangfald står sterkare enn nokon gong, er det jo direkte merkeleg at nynorskfolket og målsaka skal vera dei einaste som over tid finn seg i å bli handsama som noko mindreverdig. Men no er det slutt. No skal me krevja vår rett. Då er det ikkje meir enn rett og rimeleg at nynorsk slepp til i spaltene i aviser som kallar seg for riksdekkande, konkluderer 39-åringen, som arbeidar for Kluge advokatfirma i Bergen. Med spesialfelt entrepriserett. Juristen har tidlegare jobba som rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe (1995-97) og som politisk rådgjevar og statssekretær i Sosial- og helsedepartementet (1997-2000). Etter 19 år i hovudstaden kom han til Bergen på meir permanent basis i haust.
— Det var ein ekstrem overgang. Eg kom 1. oktober og opplevde at det regna og sludda tilnærma samanhengande i tre månader. Det var hardt. Men denne våren har jo alt snudd til det betre, og no storkosar eg meg i byen mellom dei sju fjella, fortel skåneviksbuen. Glad for at han også har mykje kortare veg heim. Og ikkje minst over alt det positive som skjer i Skånevik om dagen.
— Det siste eg las i avisa var at det no er fleire arbeidsplassar i bygda enn før fabrikken vart lagt ned. Tiltakslysta er med andre ord større enn nokon gong. Slikt varmar.

Oppklaring
Tungesvik trur at Kjartan Fløgstad si bok «Brennbar», som kom ut i fjor, har vore eit særs viktig bidrag i kampen for å få nynorsken opp og fram. I boka går den dyktige forfattaren frå Sauda hardt til verks når han avslører feil i historietolkinga til Hans Fredrik Dahl og Lars Roar Langslet.
— Det har lenge versert rykte om at det skal ha vore eit tett band mellom målrørsla og Quisling under krigen. No meiner Fløgstad å ha funne prov for at så ikkje er tilfelle, og at det snarare var Riksmålsforbundet sine folk som lefla med nazistane. Det er godt at dette no er retta opp ein gong for alle, seier den ferske leiaren i Noregs Mållag.

PS: At Steinulf Tungesvik har vorte eit kjend fjes i løpet av dei siste vekene, vart til fulle prova då han sist fredag skulle ta flyet frå Gardermoen til Flesland. Han var naturleg nok ute i siste liten, og vart ropt opp over høgtalaranlegget. Sjølvsagt låg utgangen lengst unna, og det vart ein strabasiøs joggetur. Vel framme vart han møtt av ei hyggeleg kvinne som på fullkomment riksmål braut ut:
«Å, der er du jo, nynorskens far. Jeg så deg på tv».

Så mykje for Ivar Aasen der i garden.