Det boblar i distriktet

Dei fleste lever sine eigne liv, og er ikkje så opptekne av å visa seg […]

Dei fleste lever sine eigne liv, og er ikkje så opptekne av å visa seg fram. Kven visste at på Bjoa held Noregs største verksemd på arbeidshanskar til. I 1980 laga Granberg AS tre-fire ulike modellar hanskar. 25 år seinare er talet auka til 170 ulike modellar, ale designa på Bjoa.

I Imsland har Ivar Finnvik det så travelt i bilverkstaden sin at han helst ikkje vil at Grannar skal skriva om han. Han har mest ikkje kapasitet til å ta imot fleire kundar. I tillegg er han bonde.
Frå Sandeid styrer Lily Chew Tangen verksemda si Singa Oilfield Supplies Ltd. Ho kom frå Singapore til Sandeid og vil ikkje byta plass med nokon. Sjølv om infrastrukturen kunne vore betre.

I Etne har sveiseverksemda Maritime Contracting Etne AS, forkorta til EPM, hatt ein eventyrleg vekst sidan starten for fem år sidan. Dei voks fram etter konkursen I Etne Produksjon og Montasje (EPM), og har i dag for liten plass og ser seg om etter fleire tilsette og større areal.
I Etne sentrum støyper Heidi Leivestad bokstaveleg sitt eige levebrød. Ho overtok Hardangerlys for tre år sidan og starta produksjon av lys i Etne.

På Raunes i Vats held AF Decom til der det tidlegare var produksjon av oljeplattformer. Nå er det utransjerte plattformer som gir arbeid.
Og i Åmsosen har Åge Aaserød ved bruk av magnetterapi botemiddel mot utbrende kroppar.
I tillegg til alle desse, er det ei rekkje andre verksemder, bade små og store, i distriktet vårt. Nyleg gjekk Ølen Betong og Westcon i Ølensvåg og Hatteland Gruppen i Vats til topps i ein prestisjetung gründerkonkurranse.
Me har god grunn til å vera stolte av distriktet vårt. Det er på tide at me trur at me er noko.