Det einaste forbodet

Slik vart det skrive om ein gymnasiast som eingong kjempa ein hard kamp for å […]

Slik vart det skrive om ein gymnasiast som eingong kjempa ein hard kamp for å få lov til å røykja på skulen. Eg har sett inn Dagbladet i staden for namnet hans, for det er så treffande på Dagbladet slik vi kjenner det frå tidlegare år.
Det vert sagt at Dagbladet var imot prestar, men då dei skjøna at mange ville ha forbod mot kvinnelege prestar, vart Dagbladet straks for kvinnelege prestar. Noko forbod ville dei ikkje ha. Ikkje forbod mot homofile eller lesbiske; ikkje forbod mot alkohol eller porno. Utan samanlikning sjølvsagt. Ein skulle tru at Dagbladet var det mest fordomsfrie i dette landet. Men likevel: Dei har eitt forbod: Forbod mot nynorsk! Takhøgda er ikkje større. Ja, dei er så fanatiske på dette området at då dei omtalte boka ”Spor av dine eigne” av Hans Olav Tungesvik, vart både boktittelen og alle sitat frå boka omsette til bokmål.
Det same forbodet gjeld i VG, men dei har ei meir konservativ fortid. Fleire osloaviser – Vårt Land, Dagens Næringsliv, Klassekampen og Nationen – har ein god del nynorsk i dag, men ikkje dei to laussalsavisene som vert selde over heile landet.
Noregs Mållag har teke opp denne saka, og ein underskriftsaksjon er i gang. Til no har nærmare 30.000 skrive under SLEPP NYNORSKEN TIL. Her skriv folk under sjølv om dei ikkje brukar nynorsk til vanleg. I Oslo t.d. har over 2700 skrive under, i Bergen nærmare 2900. Mange – bokmålsbrukarar òg – ser på dette som eit spørsmål om vi skal finna oss i at riksmedia diskriminerer ein del av det norske målet, – faktisk det skriftspråket som har si rot i norsk/i dialektane våre. Det vert i dag arbeidd med å laga ei ny lov mot diskriminering, men det gjeld visst berre utlendingar og framande kulturar, ikkje vår eigen kulturarv.
Ved å gå inn på internett – nm.no (el. Noregs Mållag) – kan ein sjå lista over dei som har skrive under i Grannar-bygdene og landet elles. I Etne har heile 125 skrive under, i Ølen 46 og i Vindafjord 50. Etne kjem så sterkt ut pga Skånevik. Svært mange skåneviksbuar har skrive under. Det er nok leiaren i Noregs Mållag – Steinulf Tungesvik – som har æra for det. Det vert sagt at Granvin har flest underskrifter (169) samanlikna med folketalet i heradet. Men Ølen og Vindafjord er ikkje småbygder ved sida av Etne, og bør vera meir vakne i forsvaret av vår språklege identitet.

Ingolv Vevatne