Dette er ikkje rett. I Vindafjordhallen i Vats har det nemleg vore treningssenterdrift i om lag 10 år. Dette treningssenteret (Sveins Gym) held til i lyse og trivelege lokale, det er godt utstyrt, er i stadig forbetring og har ein fast og nøgd kundekrets. Årelang røynsle har gjort at det rundt senteret òg er samla kunnskap både når det gjeld trening og kosthald. Dessutan har me nær kontakt med fysioterapeut i dei høve der det er naudsynt. Rett nok har me ikkje tilbod om aerobictimar, spinningtimar eller andre aktivitetar utanom vekttrening, men dette rettferdiggjer ikkje neglisjering av oss som treningssenter. Tvert om har me altså i om lag 10 år gitt eit fullgodt styrketreningstilbod til folk i distriktet.
Nå er det ikkje slik at me som driv Sveins Gym har noko imot oppstarten av det nye treningssenteret i Ølen. Me ynskjer tiltaket både velkome og lukke til. Det bør vera marknad for deira breie tilbod med både vekttrening, aerobic og spinning o.s.b. Likevel bør me kunna kreva såpass respekt for vårt tilbod at dei ansvarlege for det nye treningssenteret i Ølen sluttar å marknadsføra seg som det einaste treningssenteret i distriktet. Subjektiv vurdering bør ikkje liggja til grunn for kva ein vel å kalla treningssenter.
For Sveins Gym i Vindafjordhallen: Guy Roger Dagsland, Peder Lærdal, Charlotte Nesheim, Lars Sigurd Ohm, Inger Janne Stokland, Irene Tendal
Det einaste treningssenteret i distriktet?
Dette er ikkje rett. I Vindafjordhallen i Vats har det nemleg vore treningssenterdrift i om […]