Det er så få

Når ein les bibelen så synest eg det vert tydelegare etter kvart kor sentral plass […]

Når ein les bibelen så synest eg det vert tydelegare etter kvart kor sentral plass Jesus har i Guds store frelse. Eg tenkjer på Johs. 6.40. «For så vil Far minnast kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv og eg skal reisa han opp på den siste dagen». Så står det i Johs. 1.12. «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til og verta Guds barn, dei som trur på namnet hans».
Ein vert aldri ferdig med korleis Gud gjorde med vår synd – 600 år før Jesus vart fødd, seier Esaias: «Men Herren let råka han, det som me hadde skuld i alle». Underet vert ikkje mindre når ein les kva Paulus skriv: «Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i han skulle verta rettferdige for Gud». Me kan aldri fulltakka Gud nok for det han har gjort med synda vår. Det er ikkje til og tru, men det er sant.
Av dei mange namn på Jesus, vert han kalla «Mellommannen». Me høyrer ofte om forsvarsadvokatar i media, det er så mange saker. Den største saka i verden er forholdet mellom Gud og oss. Eg er så glad i songen: «Det var en som var villig og dø i mitt sted, for at jeg skulle leve ved han. Ja til korset han gikk hvor han kjøpte meg fri. Da han sonet min synd det Guds lam».
Kva vil Gud at eg og dei skal gjera? Rom. 10 seier: «Sannar du med munnen din at Jesus er Herre og trur du i hjarta ditt at Gud vekte han opp frå dei døde, då skal du verte frelst. For med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.»
Nå får me prøva oss sjølve. Er eg på himmelvegen, eller kva? Eg har mykje respekt for dette, eg har ikkje hug og verta ståande att når Jesus hentar sine til himmelen. Gud hjelpe oss alle til og nå himmelen.

Erik J. Grønstad