Det gode landet

Me er heldige som i dette landet får bu, her kan me leva saman med […]

Me er heldige som i dette landet får bu,
her kan me leva saman med kvar vår tru
Her får me leva i fred og ro,
for krig det har me ikkje no.
Her til kjem dei frå andre land
for å nyta vår velstand

Vårt land var fattig ein gong,
me hadde ikkje pengar til å kjøpa det me trong.
Me kom i krig, som varte i fem år,
med rasjonering og lite mat,
det var fienden som bestemte
det som me kunne få på vårt fat.

Heldigvis er den tida forbi,
og me lever i ei god tid,
og i eit av verdas rikaste land.
Oljepengane strøymer inn kvar dag,
men me får ikkje så mykje av dei.
Dei følgjer straumen ein annan vei.

Rettferd og lik fordeling må til,
dersom alle skal få det bra,
men det vert aldri
når dei andre så mykje meir skal ha.
Livet det går fort, når det er slutt,
er det likt for oss alle.
Då er det for seint
med det du før hadde meint.

Ingvald Åsheim