Det gror bak veteranane

Seinare har det blitt rallycross, og medan Svein Bjarte Holten køyrde sin første NM-runde i […]

Seinare har det blitt rallycross, og medan Svein Bjarte Holten køyrde sin første NM-runde i ein Volvo PV i 1986, venta Terje Steinnes til 1994 før han gjorde det same. Sidan 1997 har Vestlandsmesterskapet vore hovudsatsinga for dei begge, og Svein Bjarte vart Vestlandsmester både i 1998 og 1999, medan Terje Steinnes har tatt sølv to gonger.

– Eg var aller nærast i 2001 då Øystein Verlo slo meg med eitt poeng, og at han slo meg i finaleløpet på Fitjar med under ein tiandedel vart avgjerande, seier han, som sjølv om han no har passert 50 år, ikkje har tenkt å gi seg.
– Eg har folk rundt meg som ikkje vil at eg skal slutte, og at eg kjem til å køyre ut denne sesongen er avgjort, så får me så kva det blir til etter det, seier han, som ikkje heilt hadde lukka med seg i helga. På laurdag vart det ein sjetteplass i bakkeløpet, medan det under søndagens rallycross starta med trøbbel.
– Det vart kollisjonar og karrosseriskade både i første og andre omgang, og då girkassen låste seg i tredje var det slutt for min del.
Nye kjem til
Etter at Svein Bjarte Holten vart Vestlandsmester to gonger på slutten av 1990-talet, valde han å gjere comeback i NM. Først i Ford Focus, før han i fjor var i Sverige og henta ein Volvo 240 for store super, ein bil som har ein 2.9 liters EVO-motor, datasprut og mellom 320-350 hestar. Svein Bjarte Holten er den einaste av førarane i NMK Vikedal som køyrer NM-klassen supernasjonal. Store super er den største, og over 40 bilar stiller til start i dei ulike NM-løpa. At han i fjor likevel greidde å kvalifisere seg til køyring på den norske EM-runden i rallycross var ein ny milepæl.
– Det er berre ti norske og ti svenske bilar som får lov å vere med, og for å kvalifisere meg måtte er vere blant dei ti raskaste i dei to første NM-rundane.
Går det som han har planlagt blir dette hans siste sesongen i rallycross, om han greier å slutte då.
– Miljøet er godt, og mange heldt på til godt opp i 50 åra, seier 44 åringen, som likevel er glad for at det kjem nye førarar til som vil ta opp arven.
– I fjor kom Per Vidar Flesjå og Geir Harald Skeie inn som friske pust i rallycrossen, og i år har me fått med oss Bjørn Magne Moland Enge. Han har imponerte meg så langt, og i tillegg til å vere ein god sjåfør, har han også har fått med seg sponsorar som støttar han opp økonomisk, noko som er svært viktig i denne sporten.
Litt opp og ned
For nybegynnar Bjørn Magne Moland Enge starta det bra under bakkeløpet på laurdag, og femteplassen der var han godt nøgd med.
– Det var fint å få ein god start slik at eg fekk konstatert at bilen fungerer, for søndagens rallycross blei jo heilsvart.
Då stoppa nemleg Bjørn Magne alt i første omgang, og kom ikkje meir utpå resten av dagen.
– Eg merka at det var noko gale med girkassen alt då eg køyrde ut frå start, og i andre runde sprakk den rett og slett, og det var ikkje tid til å få gjort noko med det til dei neste omgangane.
Geir Harald Skeie vart nummer to i store nasjonal i Vestlandsmesterskapet i fjor, og at han kjem til å vere med i kampen også i år, viste han på søndag. Etter ein femteplass i bakkeløpet laurdag, var han med å kjempa med Ørjan Lutsi om sigeren i klassen.
– Ei første og ei andretid i dei innleiande omgangane er eg veldig godt fornøgd med. Eg prøvde meg på Lutsi i finalen, men snurra i første sving slik at det til slutt blei ein femteplass, greitt nok det.
Også Per Vidar Flesjå var godt oppe på resultatlista i bakkeløpet, men etter andre omgang søndag kunne han berre lesse bilen opp på hengaren.
– Støytdemparane bak knakk, noko eg ikkje fekk gjort noko med, så eg får heller kome sterkare tilbake neste gong.