Det har noko med røtene å gjere

Magne kjøpte hus 300 meter ifrå foreldreheimen. Johne nøgde seg med 100. Stian bygde der […]

Magne kjøpte hus 300 meter ifrå foreldreheimen. Johne nøgde seg med 100. Stian bygde der foreldra, besteforeldra og oldeforeldra har budd. Leif og Steinar 300-400 meter frå foreldreheimen. Jostein 500 meter. Arild, Frode og Robert flytta ikkje lenger heimante enn at dei kan sjå heim, og Grete ikkje lenger enn at ho kan stikke heimom å hente mora når det måtte høve slik. Flott.
Inge, Kjell, Steinar, dei bygde på heimabeite. Ivar kom heim ifrå god jobb. Ikkje fordi han var nøydd å kome, men fordi borna skulle få vakse opp der han var oppvaksen, fritt og godt. Men Magnhild fór vel langt som er gift med ein trønder; til andre sida av steingarden. Enn Marta då som er gift med ein austlending; kjøpte hus 100 meter frå der ho er fødd og oppvaksen.
Oddvar og Peder då, ikkje lenger enn at dei har same postadresse som før. Liv og Anlaug fór ikkje lenger enn at dei køyrer forbi foreldreheimen omtrent kvar dag. Brita, Sten og Kristin ikkje lenger enn at dei har same postadresse som før. Kolbjørn likeins. Liv Jorunn bygde på heimagarden. Kjell Egil hjå bestefaren. Erlend kjøpte huset etter naboen. Laila fór heller ikkje så langt. Men så har eg óg snakka med folk som angra på at dei slo seg til. Etnebuen er ikkje alltid like enkel å koma inn med.
Til slutt ei «intern» sak. Far min var fødd og oppvaksen på Auastad. Han tok til med butikk ved Etnesjøen, fór så til Stavanger, vidare til Vikedal der «mesteparten» av oss er fødde. Men hugen hans stod til Etne. I ei notisbok som han brukte når han skulle til byen (les Stavanger) for å handla inn til butikken, kan me finne kladd av Etnesong. På dampbåten var det god tid til å tenkje. I songen står det m.a. «støl under nuten med klemting og klang». Eg har tenkt kva slag nut er det? Eg trur det er Auastadnuten. Og kva slag støl er det? Eg trur det er Auastadstølen. Der var der støling, der var klemting og klang. Det kom ein gard til sals på Kaldheim, han kjøpte den, sette opp hus og tok til med butikk på Auastad, der han hadde trødd sine barnesko. Nå var han komen heim. Ringen var slutta. Men hjarta ville ikkje meir. Han hadde hjartefeil.
Endå ein ting. Bernhard overlet garden til dottera og svigersonen. Han hadde bygd våningshus og driftsbygning på garden, nå ville han byggje seg «folgehus», men nei, det skulle han ikkje få lov til. Han skulle til Sillafeltet. For å gjera ei lang historie kort. «Eg fløtta ikkje til Sillafeltet, før skal eg bu i telt», var hans kommentar. Dei måtte gje seg. Her vil eg leva og her vil eg døy. Det vart òg Bernhard sin lagnad. Han fór under veding, som stod han hjarta nær.
Er me heimakjære? Ja, så det munar. Det er noko som er nedlagd i oss. Det har noko med røtene å gjera. Å riva opp røtene har inga meining.
Kva er det eg vil med alt dette? Eg vil inn på politikken, eller rettare, den feilslåtte politikken. I 1990 åra var det mange av desse husa som kom opp. Det var trivsel i krinsen. Ungdomar, gifte og ugifte slo seg til. Nærbutikk, skule, barnehage. Alt låg til rette for eit godt oppvekstmiljø. Men nærbutikken måtte jo bort og skulen måtte same vegen – hjarta i krinsen. Eit sundbrote hjarta kan vel stundom vera bra, men at hjarta i krinsen skulle brytast sund er meir enn me kan forstå. Endå er det noko att av skulen, men den heng nok i ein tynn tråd, dersom ikkje skulevernarar kjem inn. Barnehagen er etla til sentrum. Ein lege sa her ein kveld at borna kunne få varige skadar ved for mykje kjøring. I krinsane syklar eller går dei til skulen.
Politikarane slit med å få folk til å busetje seg i kommunen. Å dra alle skulane til sentrum var eit mislukka tiltak. Lat folket bu der dei føler seg heime. Skap trivsel, lat skule og barnehage vere i fred, legg til rette for bustadbygging. I Rygg krins har me «Klokkaretomta». Kom ikkje her! Ei tomt som har vore utlysst i årevis og som ingen vil ha!
Dersom ein grendaungdom har vore utaskjers i skule og arbeid, så er det nauda som driv han/henne dersom dei skal setje seg til i Sillafeltet. Mange vil late vere å koma heim. Lat folket, ungdomane få busetje seg sentralt eller i grendene, der kor dei har hug å bu. Å føre alle skulane til sentrum var eit bomskot, ein boomerang. Lat skulane – det pulserande hjarta i krinsen – vera i deira midte, og gjer det triveleg for dei å bu. Ein kan tvinga folket, men ein tek aldri grunnhåtten ifrå dei. Ære vera Fjæra.
Årsak for at eg lånte namna dykkar.

Ingebret Paulsen