Det lakkar og lir

Eit kommuneval er ikkje eit storingsval. Sjølv om det kan sjå slik ut, til tider. […]

Eit kommuneval er ikkje eit storingsval. Sjølv om det kan sjå slik ut, til tider. Der desse stortingsrepresentantane går ut med kva partiet står for. Der desse kommunepartia, og bygdelista, kjem med sitt eige partiprogram kva dei skal arbeida med i dei neste fire åra. Har stand med kaffi og vaflar, nokre illsinte vepsar som surrar rundt i syltetøyet og sukkeret, der partiprogramma blir kunngjort, og der ein kan møta mange blide fjes og godt humør på dei dagane standen er, i nærver frå dei som vil inn i styre og stell.
Der ein ser fjes ein har vore rasande på i saker, som kommunen i fleirtal har fatta vedtak om, som har kosta både gamal og ung mange problem. Men nå står dei der, klare til ny dyst, med eit bredt flir og sjarmerer deg rett i seng, der du har gløymt det som var, men ikkje ser kva du vil få. Programma til partia og bygdelistene blir kjende og lovnadene for åra som kjem står i kø som ein sildestim eller meir som surrande humler. Der det meste ikkje berre verkar men er forvirrande hos dei fleste. Men same kva er det parti eller bygdelister som har gode program i valkampen.
Men som me er har me vanskeleg med å skifta parti. Der me gjennom årtider har vore solidariske med å stemma på det partiet me trur står oss nærmast. Løftar me litt på hovudet og ser fram vil eg tru me på same tid vil kunne rullera litt på desse setlane og hugsa attende til åra me nå har lagt bak oss, med dei me valte inn og som me kunne sjå i våre eigne augo. Ein vekst i den kommunen ein bur i. Men blei det slik ein kunne sjå? For dei aller, aller fleste trur eg det ikkje blei slik ein hadde venta.
I våre Grannar kommunar føregår det nå eit val kven som skal stå på lista og kven som skal stå først og vera ordførarkandidat. Dette er spennande. Kven me vil sjå, stikk seg fram på dei sikre plassane, der dei og kan bli kumulerte.
På same tid er det viktig å ha i tankane det som har rørt med dei fleste, det me ikkje vil ha attende der politikarane ikkje har gått etter det programmet som blei framlagt. Der kommuneøkonomien er blitt utsett for stress, og budsjettet er framlagt meir som eit valbudsjett der ein vil kunne merka forandringar først ved neste budsjett, altså i 2008.
Når ein her har tatt fram valet, er det ein viktig ting dei fleste gløymer. Som ei prøveordning er det ein del kommunar som skal ha direkteval på ordførar. Men ein av dei viktigaste som er, er rådmannen si rolle i ein kommune. Er det ikkje på tide å sjå også denne stillingen saman med eit val, der også rådmannens stilling blir diskutert saman med valet? Denne stillingen bør vel ikkje vera freda som det ser ut for?

Ove Wiland
Skånevik