Det lønnar seg å ete frukt

Ein skule i kvart fylke som er med i skulefruktordninga, får ein sjekk på 2.000 […]

Ein skule i kvart fylke som er med i skulefruktordninga, får ein sjekk på 2.000 kroner som dei skal bruke på ein fruktbar ting eller prosjekt. Av 136 skular som et frukt i kvardagen i Hordaland, var det Fjæra skule som vart trekt ut.
— Ein sum på 2.000 kroner hadde ikkje gjort så mykje ut av seg på ein stor skule. Me som berre har 16 elevar, kan gjere noko kjekt i lag for dei pengane, eller kjøpe noko som alle kan bruke, seier rektor Frode Ingvaldstad.
Skulefruktordninga er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet og Opplysningskontoret for frukt og grønt. Sjølve premien er sponsa av desse samt fruktleverandøren Bama. Hovudpremien i konkurransen var klassetur til Ullevål på fotballkamp. Fjæra skule nådde ikkje så langt, men var strålande nøgde med pengepremien. Sjansen for å vinne denne summen i Hordaland, var 0,73 prosent stor, så ein kan trygt seie at skulen hadde flaks. Å få ei frukt eller ein grønsak kostar 2,50 for foreldra til elevane kvar dag. Staten subsidierer prisen med ei krone pr elev kvar dag.
— Me får frukt levert ein gong i veka, det fungerar på nett same måte som med skulemjølk. Bortimot alle elevane er med på denne ordninga, seier Frode Ingvaldstad.
På landsbasis er 1.100 skular, og 65 000 elevar med på skulefruktordninga. Frukt og grønt som eit supplement til nista er ikkje berre sunt, det smakar godt óg. Elevane på Fjæra skule var ikkje vonde å be, då dei skulle ete frukt til ære for fotografen. Eple, pærer, bananar og gulrøter for ned på høgkant.
— Kva har de lyst å bruke pengane de har vunne på?
— Eg syns me skal kjøpa ein DVD- spelar, seier Erik Rullestad.
— Kanskje me kunne kjøpt frukt?, undrar Martine Fismen Ingvaldstad.
Noko semje om kva pengane skulle brukast til vart det ikkje.
— Elevane får bruke sommarferien til å tenke ut noko lurt og fruktbart. Det kan jo vere så mangt, seier Frode Ingvaldstad.