Det sårbare miljøet

Men trass i all kunnskap som er tilgjengeleg gjennom forsking og undersøkingar, er naturen salderingspost […]

Men trass i all kunnskap som er tilgjengeleg gjennom forsking og undersøkingar, er naturen salderingspost fordi miljøomsyn ofte kolliderer med andre interesser. Først og fremst økonomiske.

Fiskekollapsen lang kysten er eit ferskt døme på at lite blir gjort sjølv om varsellampene lyser. I fem år har havforskarane til ingen nytte varsla at torskefisket langs kysten kan bryte saman. Heilt sidan 2001 har dei rådd til kutt i fisket, og i fjor sa dei full stopp. Men havforskarane har snakka til døve øyre, og ingen tiltak er sette i verk for å få kysttorsken på fote igjen. Mangel på reaksjon hos fiskestyremaktene har ført til at bestanden er komen så langt ned at dei same styremaktene ikkje lenger kan følgje rådet frå forskarane. Det er umogleg med full stans i torskefisket fordi det ville bety stans også i resten av kystfisket. Difor er det maksimale tiltaket kvotereduksjonar for torsk, og det kjem til å bli vedtatt til hausten.

Dersom forskarane hadde blitt lytta til, kunne mindre justeringar i fisket hindra at bestanden kom så langt ned. Men det er eit upopulært tiltak som automatisk resulterer i protestar frå fiskarane.
Det er ikkje første gongen det er krise for fiskebestandar, og kvotekutt og stopp i fisket pleier å hjelpe over tid. Men det er grunn til å bekymre seg over at systemet er så trekt, og at ein lar utviklinga gå så langt utan at det blir gjort noko for å ta vare på ein naturressurs.
Når varsellampene har lyst så lenge, viser det at prinsippet om føre var står heller svakt. Det er først når skadane er synlege og akutte at miljøet blir tatt skikkeleg på alvor.
I andre tilfelle kan det vere for seint.