Det store underverket

Jesus utførte verdshistorias største og viktigaste underverk. Heile menneskeslekta er inkludert i dette underverk. Orda […]

Jesus utførte verdshistorias største og viktigaste underverk. Heile menneskeslekta er inkludert i dette underverk. Orda som Paulus skriv til dei i Efesus er: Dykk og har han gjort levande, de som var døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.
I desse ferdast de før etter denne verdas vis, etter hovdingen over maktene i lufta, den ånda som no verkar i borna av vantrua. Og mellom dei ferdast vi alle før, etter lystene i vårt kjøt, og vi gjorde det som kjøtet og tankane ville. Av naturen var vi verdens born, liksom dei andre, men Gud som er rik på miskunn, har for sin store kjærleik skuld, som han elska oss med, gjort oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.
Han vekte oss opp med han og sette oss i himmelen med han, i Kristus Jesus. For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåva.
Så deler menneskeslekta seg i to flokkar, både når Jesus var på jorda, og me som lever nå. Jesus kalla folket, han møtte dei, gjekk saman med dei. Ein del menneske trudde ikkje at Jesus var den han sa seg og vera. Nokre vart Jesu fiendar, dei forfølgde Jesus, til sist førte dei han til Golgata og krossfeste han der.
Nå skjedde Guds store underverk. Gud vekte Jesus, sin son, opp frå døden. Dette var krona på Guds verk i Kristus. Nå var Guds frelsers verk, den store realitet. Så las me i Tore Tungland si andaktsbok i dag 15. februar. «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds, dei som trur på namnet hans».
I går las me i same boka: «Når orda dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke». Du som gjerne vil til himmelen, les desse to bibelorda. Dei kan føra deg over frå å vera eit vanleg menneske, til å verta eit Guds barn. Dette er det største som kan henda eit menneske.

Erik J. Grønstad