Dette er ikkje godt nok

Men etter kvart som innbyggjarane fekk nyssen i denne forma for matlaging, og fleire og […]

Men etter kvart som innbyggjarane fekk nyssen i denne forma for matlaging, og fleire og fleire protesterte, koka det i kommunestyret ned til å setja middagsmaten ut på anbod. Men den skal ikkje komma som sous-vide-mat frå Bergen eller andre stader. Lokale leverandørar skal få komma med anbod på middagsmat laga på gamlemåten.

Før kommunestyret gjorde sitt vedtak, fekk representantane servert lammesteik, poteter, gulrøter og rosenkål laga etter sous-vide-metoden. Men den fall ikkje heilt i smak. Kommunestyrerepresentant Liv Tungesvik (KrF) tykte den minna om søndagsmiddag som var varma opp att på onsdagen. Andre meinte den var grei nok, men ikkje som heimelaga. Dårlegast ut kom potetene. — Potetene er halve maten for meg, sa Ingvor Gundegjerde (Sp) og vende tommelen ned for den oppvarma maten.

Nå er det dei eldre i Vindafjord kommune som skal få servert oppvarma mat etter sous-vide-metoden. Men til skilnad frå Etne-politikarane,
rosar dei fleste politikarane på andre sida av Fikse den oppvarma middagen. Ordførar Arne Bergsvåg (Sp) sa i formannskapet at den oppvarma maten smakar betre enn den han lagar sjølv og Terje Halleland (FrP) ville stilla seg frivillig til å eta oppvarma mat kvar dag.

Men det var ikkje kvaliteten på maten som var det store temaet då formannskapet hadde middagsmat på menyen. Det var kor mange kroner kommunen kunne spara på å gå over til kok/kjøl-mat. Kalkylane viser at kommunen kan spara 1.400 kroner dagen, eller seks – sju kroner per middagsporsjon. Ikkje den store summen for nokon vil me tru. Men det kan vel ikkje vera rett at det er dei gamle som skal betala for innsparinga. Den gevinsten burde gå til dei som kjøper maten. For om den er god nok eller ikkje, er det ingen som har sagt at oppvarma mat er betre enn maten dei får i dag.
Denne måten å servera saker for innbyggjarane på er rett og slett ikkje god nok.