Hovudet følast dobbelt så stort som det eingong var. Mens tunga kjennest ut som sandpapir, med klamme hender og noko som bankar på. Der tankane sviv rundt, om det som har hendt, og det ein ikkje hugsar att. Men det ein trur hende, der ein helst vil dra dyna over hovudet og la dagen svive hen, og håpa på, at det meste har gått godt. Der denne bonangeren kjem attende, og gjer så vondt.
Dette miljøhysterieter blitt slik at det ikkje finst haldepunkt i det meste. Det heile er snakk om pengar, og kun pengar. For dei som vil, og dei som ikkje vil. Sjå berre på han der Kurt Oddekalv, og denne «Miljødronninga» som sputtar ut desse restane av dette bio-produktet rundt om. Trur du Oddekalv gjer noko gratis for deg eller samfunnet. Kunsten er å snu seg etter den retning vinden blæs, så blir det heilt sikkert pengar av det. Det ser i alle fall slik ut.
Siv Jensen i Frp trur ikkje det er noko gale med miljøet. Ho trur sola er årsaka. Som det heiter i songen: «På månen eg ser, at sola datt ned». Det må vera heilt fantastisk å kunner vite meir enn alle andre, og på toppen av det heile, også få andre med seg til å tru på det.
I dag pøsar ein ut milliardar av kroner i begrensningar av denne forureininga og nedbrytinga i miljøet. Me skal vera miljøbevisste, det skulle berre mangla. Sjå berre på dette renovasjonssystemet me har her i dette distriktet. Der dei ser det store i det små. Der kommunane skal spara pengar. Forureiningane og miljøet blir meir opp til du og eg, til naturen, slik den eingong var. Men bak kulissene skin sola som aldri før. Der denne kildesorteringa blir meir lik då alt gjekk i same spannet, tømd på same plassen og driten låg spreidd rundt om i skråningane. Ja, ja det var tider det, då do-kaggane blei tømde på sjøen og søplet flaut rundt om.
Stoltenberg Jens og Halvorsen Kristin har nå funne oppskrifta på korleis miljøet skal sparast. Sjå berre på denne satsinga på regnskogen i Brasil. Der luftfilteret er. Der denne reine lufta kjem frå. Slik at du og eg kan få leva lenger, etter at livet tok slutt.
Ja, ja det er berre slik. Det ser i alle fall slik ut. Det heile minner meg om han som kom berande med to kartongar med dopapir. Der holet i dorullen var mest like stor som sjølve dorullen. Det han skulle bruka, sjølve turka, kunne han fått i ein handlepose. Eg vil tru desse klimakvotane ein nå kan få kjøpa, kjem att i desse dorullane. Der hola blir større for å spara på papiret og forureininga.
Ove Wiland,
Skånevik