Digital utbygging

Dei fleste som bur her kan – slik det ser ut no – sjå langt […]

Dei fleste som bur her kan – slik det ser ut no – sjå langt etter å få TV-signal gjennom noko anna enn ei parabolantenne. Mange av dei som bur her i dag, får ikkje inn noko anna enn NRK. at dei fekk det også etter utbygginga, burde vore eit minstekrav også etter dei digitale sendarane på plass. Men slik er det ikkje.

Utbyggarane har i konsesjonen at 95 prosent av innbyggjarane i Noreg skal få digitale signal. Dermed kan dei innfri kravet i konsesjonen utan at utbygginga medfører eit framskritt for mange. Det burde vore sjølvsagt at ei så pass stor bygd som Vikedal skulle få ta del i eit framskritt som trass alt digitalutbygginga er.
Å fått plassert ein sendar slik at også innbyggjarane her kunne fått signal ville neppe medført ein stor kostnad, men så lenge utbyggaren held seg til konsesjonen er det lite ein kan gjera der. Skytset må difor rettast mot dei som har gjeve konsesjonen.

Alt frå mars neste år risikerer ein altså ikkje å få inn TV-signal utan parabolantenne i Vikedal. No gjenstår det framleis fysiske målingar for å sjå kor mange som vert råka, så ein skal vera forsiktig med å svartmåla heilt. Likevel er det ingen tvil om at det vert ein del svarte skjermar her.
At ein i Noreg i 2008 skal risikera å stå utan TV-signal i eit område som er alt anna enn grisgrendt, er ikkje haldbart. Ordførar Arne Bergsvåg lovar at kommunen vil prøva å gjera det dei kan for å få denne saka fram til dei rette instansane. Arbeidet med dette bør starta raskt og ein får håpa at kommunen klarar å trykkja på dei rette knappane. Det er under eitt år til også NRK vera vekke frå TV-skjermane i Vikedal.