Dobbel siger til gullhelt

— Det er kjekt. Det viser at me blir lagt merke til av andre bedrifter, […]

— Det er kjekt. Det viser at me blir lagt merke til av andre bedrifter, og det må vera eit teikn på at det ser ut som at me har fått til noko, seier Andreas Hustveit, dagleg leiar ved Frisk Treningssenter.
Saman med broren John Karsten Hustveit, Erik Reistad og Sigmund Lunde blei Frisk Treningssenter AS starta i august 2004, og i februar 2005 opna senteret dørene i Ølen sentrum. Tysdag vann dei den nyoppretta prisen «Årets bedrift» i Ølen, som Ølen Forum står bak.

— Eit føredøme
Styret i Ølen Forum skriv følgjande om vinnarbedrifta:
«Personene bak virksomheten har i tillegg til en idé og egen tro på prosjektet, vist en profesjonell fremgangsmetode for markedsundersøkelse, forretningsplan samt innhenting av nødvendig ekspertise og ikke minst skaffe frem nødvendig risikokapital til å starte opp egen virksomhet».
Vidare uttalar styret: «Frisk Treningssenter er kommet for å bli. Fra dag en, har virksomheten vært en suksess og et eksempel for andre på hvordan en kan gå sammen for å få til virksomheter».

Nådde målet
Hustveit er nøgd med det første året.
— Det har vore masse arbeid så alle som jobbar her har stått på. Utan dei som jobbar her hadde me aldri klart det, pluss venner og kjente som har hjelpt oss masse, seier Hustveit.
— Kva har de gjort for å bli så gode?
— Me har jobba mykje og hatt fokus på kursing. Me har eit breitt nettverk innan leiing og idrett, seier Hustveit.
Målet då dei starta var å ha 600 medlemmer etter eitt år, og det har dei klart.
— Eg trur me ligg på eit tilnærma fornuftig nivå førebels, seier Hustveit.
Planane framover blir å halda fast ved same posisjonen dei har i dag.
— Me må prøva å følgja med i tida, vera aktive og interessante for kunden, seier Hustveit.
Ølen Forum satsar på at prisen blir årleg.
— Det skal vera ei oppmuntring til ei bedrift som har utmerka seg det siste året eller over ein lengre periode, seier styreleiar i Ølen Forum, Arne Matre.
Prisen omfattar ikkje pengar, men Frisk fekk ei teikning laga av Birgitte Klungland, som eit synleg bevis på sigeren.