Elverksjef Kristoffer Vannes opplyser at SØK er eitt av dei første kraftselskapa i landet som lanserer Grønn Strøm. Dette gjer dei på produktet sitt Garantikraft.
Sjølv om Noreg produserer nesten berre vasskraft, bruker SØK også straum produsert med andre energikjelder som kol- og atomkraft. Nå har dei inngått ein avtale med ein norsk vasskraftprodusent om rein fornybar vasskraft, gjennom ein allianse med 20 andre kraftselskap. Frå og med i dag, 14. November, vil dei kunne dokumentere sine rettar til fornybar energi frå rein norsk vasskraft.
— Ved å kjøpe Grønn Strøm av oss, hjelper kunden å etterspørje straum laga frå fornybare energikjelder, seier Vannes. Dette kan dei dokumentere ved at mengda fornybar energi SØK kjøper inn, tilsvarer mengda fornybar energi som blir sendt ut til kundane på leidningsnettet.
Det er forventa at frå 2007 vil norske styresmakter og EU krevje ein varedeklarasjon på straumrekninga. Den skal vise frå kva energikjelder straumleveransen stammar frå. Dette vil altså SØK dokumentere alt frå nå, som eitt av dei første kraftselskapa i landet.
Garantikraft
— Eksisterande kundar som har produktet Garantikraft, treng ikkje gjere noko. Nye kundar vil òg få del i det same tilbodet ved å velje produktet Garantikraft. Straumavtalen er den same, vilkåra vil bli like, opplyser Kristoffer Vannes.
Garantikraft har SØK kalla dette produktet, som utnyttar det beste i spotkraft og fastprisavtale. Garantikraft er spotkraft med prisgaranti.
— For kvar kunde som ringer meg og spør kva Garantikraft er, bruker eg ofte dette dømet; som å låne pengar i banken, dette er som å vere på flytande rente med garanti om at renta ikkje vil overstige eit gitt nivå.
— Med Garantikraft slepp du å vente på at vi set ned straumprisane, det skjer automatisk. Garantikraft gir både i pose og sekk. Normalt låge sommarprisar og tryggleik mot høge vinterprisar, opplyser Kristoffer Vannes.
Dokumenterer rein kraft
Elverksjef Kristoffer Vannes opplyser at SØK er eitt av dei første kraftselskapa i landet som […]