26-åringen må betala 6.000 kroner etter at han blei pågripen for å ha brukt og oppbevara hasj. Mannen var også tiltalt for valdsbruk, noko han blei frikjend for i Haugaland tingrett.
Under Bluesfestivalen i fjor sommar kom mannen i handgemeng med fleire bømlingar i Skånevik, og blei under pågripinga teken med 0,8 gram hasj på seg. Under avhøyr tilsto han å ha brukt det narkotiske stoffet same helga.
Mannen er straffedømd fire gonger tidlegare og også bøtelagt ved fleire tilfelle. I hovudsak gjeld desse tilfella narkotika- og vinningsforbrytingar og trafikklovbrot.