Døydde etter fall i trapp

Dermed endrar status for saka seg frå mistenkeleg dødsfall til ei tragisk ulykke. Uhellet skjedde, […]

Dermed endrar status for saka seg frå mistenkeleg dødsfall til ei tragisk ulykke. Uhellet skjedde, i følgje lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde, ein gong mellom klokka 03.00 og 08.00 sundag. Mannen blei sundag morgon funnen sterkt skadd og medvitslaus i hybelhuset. Andre bebuarar i huset melde frå og lege og ambulanse blei tilkalla. 32-åringen døydde seinare på dagen på Sentralsjukehuset i Stavanger av skadane han pådrog seg. Mannen, som var gjestearbeidar frå Litauen, budde saman med andre litauiske gjestearbeidarar i Fatland sine leilegheiter i andre etasje i det gamle slakteribygget i Sandeid sentrum.
— Alle bebuarane i huset er avhøyrde. Opplysningane dei har gitt passar med dei me har fått frå Gades institutt, opplyser Gjærde.
Den førebelse obduksjonsrapporten frå Gade tyder på at skadane stammar frå eit fall i steintrappa.
— No avventar me situasjonen til den skriftlege obduksjonsrapporten kjem. Det blir ikkje gjort noko meir med saka no med mindre det dukkar opp noko nytt, seier Gjærde.