Døypt under open himmel

Det var høgt under taket i kyrkjerommet då 200 vatsbuar og jærbuar var samla på […]

Det var høgt under taket i kyrkjerommet då 200 vatsbuar og jærbuar var samla på grassletta denne fine sommardagen. Festbunadar og falma campingstolar er ein sjeldan kombinasjon, men dåpsfølgjet såg ut til å finna seg godt til rette.
Tre månader gamle Maren bur berre 200 meter frå Kleppskyrkja på Jæren, der dei to eldre søskena hennar er døypte. Mor Margrete Byberg Velde er kleppsjente. Far Johannes Velde er oppvaksen i Vats, og han har bakgrunn i speidarrørsla i bygda.
— Det var berre for løye at me bestemte oss for å døypa henne her, fortalde ein glad far etter at dåpshandlinga var unnagjort. Maren var i godt lag under heile gudstenesta, og ho såg ut til å trivast godt.
— Kva om det hadde pøsregna?
— Det hadde sikkert ikkje vore like kjekt då, smilte Velde.
Sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen forretta under speidargudstenesta, som går regelfast på Refsnesstranda kvar sommar. Søndag var det 21. gongen det var ei slik gudsteneste på denne staden.
Korpsmusikantar og songkoret Miniklang sørgde for tonefølgjet. Det var også innskriving av neste års konfirmantar.