Dramaet ved Lyngholmen

1. mars var det 100 år sidan D/S «Thor» forliste ved Lyngholmen i Sveio. D/S […]

1. mars var det 100 år sidan D/S «Thor» forliste ved Lyngholmen i Sveio. D/S «Thor var ein såkalla «isadampar», som det var mange av langs kysten på slutten av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet. Reiar var haugesundsreiaren J. O. Sundfør.Om bord på båten var det 41 menn, dei fleste unge menn frå distriktet. Sjølve mannskapet var ikkje fleire enn 12.

Ukjent årsak
Vestland, Vestland, langs kysten vår er ikkje tida lang frå stille sjø til rasande storm. Vi kan kan hende tenkje oss at mange av mannskapet denne natta alt har prøvd å få seg litt svevn, då stormen bryt laus. Det har vore ulike versjonar om kva som hende. «Thor» var utan skikkeleg fyr på dampkjelen, er ein versjon, truleg ikkje tilfelle, meiner nå mange.
Kabel i propellen, trur fleire andre som har arbeidd med denne sørgjelege historia: Frå Magne Kjelland; «Skipsdrama ved Lyngholmen» saksar vi: «Vinden auka på, og om morgonen var det tett snøkav med dårlig sikt og storm. Dei to ankera som fartøyet var fortøyd med i baugen, gav etter i den kraftige vinden. Mannskapet og arbeidarane vart purra og kommanderte på dekk. Skipet var i drift. Det hogg mot land og sprang lekk. Livbåtane dei prøvde å setja ut, vart fylde med vatn og sokk så snart dei traff sjøen. Dei kasta sildekasser over bord, for på den måten å komme i land, men også det mislukkast. Det var lite mannskapet på «Steinar» og «Frigg» kunne gjera for å hjelpa». «Steinar» og «Frigg» var dampskip som låg nær D/S «Thor».

Elles kan vi lese i avisa «Haugesunderen» fredag 2. mars 1906, altså dagen etter tragedia:
«En frygtelig tragedie har rammet vår By og danner et Sidestykke til den store Røværulykke for nogle år siden.» Og «nogle år siden» vil seie i 1899, då 30 av øya Røvær sine vel 100 innbyggjarar omkom, dei fleste menn på veg heim frå gravferd.
Folket her vest var og er ikkje ukjend med ulukker på havet. Havstykket bort dit «SB Sleipner» gjekk på Bloksene er ikkje langt, og er heller ikkje noko «Stillehav». «Haugesunderen» kan knapt lastast for at avisa omtalar dette som «en fryktelig tragedie for vår By». Dei hadde knapt oversyn over kven dei var, og kvar dei kom frå dei 39, som miste livet i snøstormen ved Lyngholmen. Dei var ikkje funne då, og kunne såleis ikkje teljast. eller få ei heimstadadresse. Men sørgjebodet skulle gå til heile distriktet, som for så vidt ventande var, av di det handla om fiske.

Sørgjebodskap
Sørgjebodet gjekk til bygdene i vår nåverande kommune slik til:
Nedre Vats, der 22 år gamle Jakob Jakobsen Straatvedt kom frå.
Øvre Vats, der 42 år gamle Nils Kristoffersen Eikeland, ikkje skulle kome heim i live.
Øvre Vats, der ei ung kone fekk bod om at den 26 år gamle mannen hennar, Johannes Olsen Eikesdal, aldri ville kome heim til henne.
Til Skjold, der den 24 år gamle Kristoffer Breivik, (etter det eg trur, høyrde heime). Han kom seg i land, men døydde straks etter.
I Vikebygd fekk familien etter den 29 år gamle Gunnar Amundson også sørgjebod.
Til Vats på ny, for å fortelje at 20 år gamle Ariel Torbjørnsen Sørhus, som hadde reist ut for å tene seg nokre kroner, som skikken var her inne, aldri ville få sjå heimbygda si att.
Søgjebodet fann også vegen til Innbjoa, med den vonde meldinga om at Tollef Tørresen, 44 år gamal, hadde mist livet i stormkavet, i brått og brenning mellom flytande sildakassar ved Lyngholmen.
Ufatteleg ja, eit rett ord, sju menn, dei fleste i 20-åra, den eldste 44 år gamal. var ikkje meir. Sorg, sakn og kan hende også naud, var alt som var etter dei. Tapte liv, tapte håp, kan hende om eit utkome til seg sjølv og sine i bygdene våre, der kronene var få, og løna arbeid endå sjeldnare.
For folket på Lyngholmen, som vart vitne til dette havets raseri, må det ha vore eit drama som overgår det meste som kan skrivast og forteljast om. Striden for å berga dei to (tre) som var skylde på land, og så seinare ta vare på lika som i tida etterpå vart tekne på land, må ha vore ei påkjenning vi knapt kan fatte.

Minnestein
Den 4. mars var mange samla på Lyngholmen for å vere med på avdukinga av minnesteinen, som etter mange års arbeid og planlegging skulle sjå han stå, tett ved havet som tok 39 liv ei natt og morgonstund, for nokså nær 100 år sidan.

Programmet:
• Velkomen: tilsett ved kulturavdelinga i Sveio kommune, Marit Liknes, som også på ein fin måte leia samlinga her ute, og også seinare samkoma på Sambrukshuset i Sveio.
• Mannskoret Havdur frå Bømlo – Gud signe vårt folk der dei siglar og ror.
• Orientering om prosjektet v/Anker Gravdal, etterkomar etter den 17 år gamle Johannes Gravdal, og medlem av Prosjektgruppa som hadde arbeidd med å få reist minnesteinen. Han mintest i talen avdøde Arne Horneland (d. 2005) ein av pådrivarane for å få reist støtta.
• Allsong – Herre Gud ditt dyre namn og ære.
• Minneord v/prest Reidar Ådnanes
• Avduking av minneplata ved Per German Almås
• Blomenedlegging ved Astrid Sundfør Riddervold, siste etterkomar etter skipsreiar H.O.Sundfør, som både her og på samkoma på Sambrukshuset fortale korleis ulukka frå denne dagen hadde fylgt og prega familien sitt liv.
• Helsing frå ordførar Jorunn Skåden.
• Havdur: – Gud signe Norges land
• Allsong: – Mellom bakkar og berg.
Dagen var stille, fin og høgtideleg, innimellom sol over den vesle raude bøya, som markerte staden der vraket av D/S «Thor» låg. Mannskoret Havdur bidrog på ein fin måte til høgtid, mest som «Berlevåg mannskor», mot havet.
Dagen vart avslutta på Sambrukshuset, fullsett av bygdefolk og også fleire frå vår kommune.
Takk til Sveio kommune, frå oss som var der, som familie til dei som vart heidra, og til dei mange som hadde stått på for å få reist denne flotte minnesteinen.

Peder Lundegård