Skånevik for bråkmakere ?

I 1,5 år har styret lovet ekstraordinær generalforsamling uten at noe har skjedd, og samtidig […]

I 1,5 år har styret lovet ekstraordinær generalforsamling uten at noe har skjedd, og samtidig nekter man sine egne styremedlemmer innsyn i Vassver den vonde meldinga om at Tollef Tørresen, 44 år gamal, hadde mist livet i stormkavet, i brått og brenning mellom flytande sildakassar ved Lyngholmen.
Ufatteleg ja, eit rett ord, sju menn, dei fleste i 20-åra, den eldste 44 år gamal. var ikkje meir. Sorg, sakn og kan hende også naud, var alt som var etter dei. Tapte liv, tapte håp, kan hende om eit utkome til seg sjølv og sine i bygdene våre, der kronene var få, og løna arbeid endå sjeldnare.
For folket på Lyngholmen, som vart vitne til dette havets raseri, må det ha vore eit drama som overgår det meste som kan skrivast og forteljast om. Striden for å berga dei to (tre) som var skylde på land, og så seinare ta vare på lika som i tida etterpå vart tekne på land, må ha vore ei påkjenning vi knapt kan fatte.

Minnestein
Den 4. mars var mange samla på Lyngholmen for å vere med på avdukinga av minnesteinen, som etter mange års arbeid og planlegging skulle sjå han stå, tett ved havet som tok 39 liv ei natt og morgonstund, for nokså nær 100 år sidan.

Programmet:
• Velkomen: tilsett ved kulturavdelinga i Sveio kommune, Marit Liknes, som også på ein fin måte leia samlinga her ute, og også seinare samkoma på Sambrukshuset i Sveio.
• Mannskoret Havdur frå Bømlo – Gud signe vårt folk der dei siglar og ror.
• Orientering om prosjektet v/Anker Gravdal, etterkomar etter den 17 år gamle Johannes Gravdal, og medlem av Prosjektgruppa som hadde arbeidd med å få reist minnesteinen. Han mintest i talen avdøde Arne Horneland (d. 2005) ein av pådrivarane for å få reist støtta.
• Allsong – Herre Gud ditt dyre namn og ære.
• Minneord v/prest Reidar Ådnanes
• Avduking av minneplata ved Per German Almås
• Blomenedlegging ved Astrid Sundfør Riddervold, siste etterkomar etter skipsreiar H.O.Sundfør, som både her og på samkoma på Sambrukshuset fortale korleis ulukka frå denne dagen hadde fylgt og prega familien sitt liv.
• Helsing frå ordførar Jorunn Skåden.
• Havdur: – Gud signe Norges land
• Allsong: – Mellom bakkar og berg.
Dagen var stille, fin og høgtideleg, innimellom sol over den vesle raude bøya, som markerte staden der vraket av D/S «Thor» låg. Mannskoret Havdur bidrog på ein fin måte til høgtid, mest som «Berlevåg mannskor», mot havet.
Dagen vart avslutta på Sambrukshuset, fullsett av bygdefolk og også fleire frå vår kommune.
Takk til Sveio kommune, frå oss som var der, som familie til dei som vart heidra, og til dei mange som hadde stått på for å få reist denne flotte minnesteinen.

Peder Lundegård