Dramatisk brann ved tunnel

Dei siste meldingane frå politiet før Grannar gjekk i trykken tidleg på kvelden i går, […]

Dei siste meldingane frå politiet før Grannar gjekk i trykken tidleg på kvelden i går, varsla om at mellom 50 og 60 dyr var naudslakta på ulukkesstaden. Operasjonssentralen i Haugesund fekk meldinga om brannen klokka 16.15 i går. Det blei raskt klart at brannen var så kraftig at sjåføren sjølv ikkje kunne handtere den.

Mange rykte ut
— Me fekk melding om ein dyretransport, der det hadde tatt fyr i tilhengaren som var fullasta med dyr, opplyser operasjonsleiar Svein Sørensen.
Politi og brannvesen rykte straks ut til ulukkesstaden, saman med viltnemnd, naudslaktarar, veterinærar og mattilsyn. Dei greidde etterkvart å løyse tilhengaren frå trekkvogna, men brannen var så kraftig at fleire dyr strauk med. Naudslaktarar tok seg av daude og skadde dyr. Omtrent 40 dyr skal ha overlevd brannen. Dyra ville, i følgje operasjonsleiaren, bli køyrd til slakteri for destruksjon. Operasjonsleiaren kunne stadfeste at bilen var frå eit lokalt slakteri, men han visste på dåverande tidspunkt ikkje kven bilen tilhøyrde.

Dramatisk syn
Eit dramatisk syn med daude og skadde dyr møtte bilistane som kom til området etter ulukka. Det danna seg lange køar. Klokka 18 i går hadde trafikken byrja å flyte nokolunde att. Eitt felt var då opna, og politiet tok seg av trafikkdirigeringa. Det blei samstundes jobba med å transportere vekk dyreskrottar, og å få fjerna den utbrende tilhengaren frå området. Den kraftige brannen hadde smelta dekka på tilhengaren, og dette gjorde det ekstra vanskeleg å fjerne den. Ein mobil kran skulle brukast for å heise vekk tilhengaren.
— Me vil ha ein sjekk av køyretyet for å finne ut kva som er årsak til brannen, opplyser operasjonsleiar Sørensen.
Han visste tidleg i går kveld ikkje noko om korleis den kraftige brannen kunne ha oppstått. Operasjonsleiaren vil ikkje spekulere i kva utfallet kunne ha blitt dersom bilen hadde byrja å brenne inne i tunnelen, men han slår fast at det var heldig, trass alt, at bilen ikkje var komen inn i tunnelen då den tok fyr.