Uhellet skjedde rett før klokka 23.00 og det var stor vassføring i elva. Guten forsvann i mørket, men han klarte å ta seg til land på andre sida av elva.
Det var kameratar av 17-åringen som varsla om ulukka, og det vart raskt sett i gang ein leiteaksjon med politi, brannvesen og ambulanse involvert.
Operasjonssentralen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var i kontakt med Hovudredningssentralen på Sola, og dykkarar var i ferd med å bli kalla ut då meldinga kom om at guten var funnen. Han var kald, men elles i relativt god form.
Gjekk til hus
Ungdommen kom seg på land og tok seg opp til eit bustadhus. Han var på veg ned til hovudvegen igjen då redningsmannskapet fekk kontakt med han og gav han tørre klede.
Politiet hadde i går ikkje klarlagt korleis uhellet skjedde. Men ungdommane var på veg langs E134 då 17-åringen fall ut forbi den låge støypekanten. Det skal ha skjedd eit par hundre meter ovanfor Håfoss.
Ungdommen vart funnen etter om lag 20 minutt og han vart sendt til legevakta for sjekk.