Dramatisk kutt i politiet

Politimeister Karl Henrik Sjursen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har lagt fram eit budsjett for […]

Politimeister Karl Henrik Sjursen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har lagt fram eit budsjett for 2005 som fører til at Etne, Ølen og Vindafjord mistar to stillingar. Det same gjer Sauda og Suldal.

Tar tre stillingar
Aarekol er styremedlem i lokallaget i Politiets fellesforbund og no angrar han på støtta dei gav til samanslåinga.
— Vi trudde det skulle bli ein politifagleg gevinst ved å kunne bruke ressursane på ein betre måte. No går vi ikkje i null ein gong, men taper på heile samanslåinga, seier Aarekol.
Frå før er det tatt ei stilling ved at lensmann Ingvar Gjærde har overtatt Ølen i tillegg til Vindafjord, og tidlegare lensmann Bjørn Alvseike i Ølen har fått seg jobb i Haugesund.
Når politimeisteren så foreslår å fjerne to stillingar for tenestemenn, mistar lensmannsdistriktet i realiteten tre stillingar. Distriktet går ned frå ni til sju polititenestemenn i tillegg til at ein lensmann er vekke. Dei tre kontora hadde tre tenestemenn kvar.

Fekk åtvaringar
Lokallaget til politiforbundet gjekk aktivt ut og støtta tanken om å samle politikreftene i Ølen trass i åtvaringar om at Haugesund ville stikke av med gevinsten.
— Dette synspunktet gjorde seg gjeldande den gongen, men vi trudde ikkje på det. No ser vi at det blir andre som tener på samanslåinga vår. Vi blir taparane i ei så drastisk endring der stillingar blir flytta til Haugesund. No blir utgangspunktet vårt snudd på hovudet. Vi rekna med at det skulle forsvinne ei stilling når ein lensmann gjekk ut. Men ytterlegare nedskjering som følgje av reforma trudde vi ikkje på, seier Aarekol.

Må protestere
Han meiner forslaget frå politimeisteren må bli eit godt argument mot kommunesamanslåing dersom det fører til at lensmannsdistriktet blir tappa for ressursar.
Han forstår heller ikkje at det er Politidirektoratet sin intensjon at lensmannskontor skal bli direkte nedbygde gjennom politireforma.
Terje Aarekol i politiforbundet meiner både lokalpolitikarar og publikum må protestere på stillingskuttet i lensmannsdistriktet.
Sauda og Suldal kjem i ein tilsvarande situasjon med stillingskutt