Drikkevatnet fritt for bakteriar

Det var tysdag i sist veke alarmen gjekk om at det var funne e.coli-bakterie i […]

Det var tysdag i sist veke alarmen gjekk om at det var funne e.coli-bakterie i drikkevatnet frå Skånevik Vannverk i Skånevik. Drikkevatnet måtte dermed kokast.
Men etter at fire nye prøver blei tekne onsdag og torsdag sist veke, og alle var fine, blei drikkevatnet friskmeldt og treng ikkje kokast lenger.
— Prøvene var tatt både ved uttaket frå vassverket og lengre ute i leidningsnettet, og alle var fine og utan bakteriar. Så nå treng ikkje folk koka vatnet lenger. Det seier ein letta sekretær i Skånevik Vannverk, Olaf Larsen. Han innrømmer at han var litt stressa desse dagane, og er glad for at vatnet nå er friskmeldt.
Grunnen til at det var e-coli-bakteriar i vatnet er truleg mykje nedbør på kort tid og at silane ikkje har klart å ta unna for humus og mold. Larsen fortel at dei alt har montert fleire silar og meir UV-lys.
— Etter ferien skal me også investera i ekstrautstyr for å sikra oss ytterlegare mot bakteriar i vatnet. Investeringa har ein kostnad på rundt 100.000 kroner, seier Larsen, og lovar at dei skal gjera det dei kan for å sikra innbyggjarane reint drikkevatn i Skånevik.
Han har ikkje høyrt at nokon blei sjuke av drikkevatnet, og seier det var ein «snill» bakterie av den milde typen.