Drilla over gjestene

Det var ein lyst å følgja med på Etne sine mange unge spelarar der dei […]

Det var ein lyst å følgja med på Etne sine mange unge spelarar der dei valsa opp med Staal sine både eldre og ikkje minst tyngre spelarar. Etter ein litt famlande start der gjestene fekk driva sitt eige spel og i sitt eige tempo, og også tok leiinga 0-2, var ikkje Etne-laget til å kjenna igjen etter snaue halvspelt førsteomgang. Dei fekk gjestene ut av sitt spel og hadde eitt mål for auga; å scora mål. Og det gjorde dei til gangs. Dei snudde kampen frå å liggja under med to mål til å vinna med heile seks mål. Dei viste eit spel og fotballforståing som mange i høgare divisjonar kunne misunna dei. Oppskrifta var vilje til å vinna og ikkje gi opp. I periodar leika dei seg med ballen og hadde oppvising i reine Drillo-stilen ute på grasmatta.
— Etter å ha lege under med to mål, må eg seia eg er stolt over gutane i dag. Dei gjorde ein kjempejobb og snudde kampen totalt med eit sluttresultat 6-3, som det står respekt av. Dette er eit veldig ungt lag, som i aller høgste grad har framtida for seg, sa ein stolt Etne-trenar, Martin Moe etter kampen.

4. divisjon avd. 2
Etne stadion
Etne-Staal Jørpeland 2 – 6-3
(3-2)
0-1
0-2
1-2 Henrik Svendsen
2-2 Ove Straumsøy
3-2 Runar Rosseland
4-2 Henrik Svendsen
4-3
5-3 Øyvind Eljervik
6-3 Ove Straumsøy