— Eg snakka med ein i stad som sa at dette var åttande gongen han var på opptaksprøver. Og han var stadig optimist. Sjølv må eg vel berre medgje at eg på ingen måte reknar med å få plass på den prestisjetunge teaterskulen frå hausten av. Det viktigaste i dag er å få eit innblikk i korleis apparatet fungerer, samstundes som ein kanskje kan få eit tips og to med seg på vegen vidare. Når det er sagt, er det jo ingen som veit kva juryen ser etter. Det er nok det vesle ekstra, men korleis dei definerer det er det ingen som veit. Difor kan ein jo håpa, smiler teaterspira frå Silde i Etne.
Trekantdrama
Ti på ni torsdag morgon var unge Grindheim på plass i Fossveien 24. Då var det namneopprop, informasjon og felles oppvarming. Dei håpefulle kandidatane måtte også fylle ut ein liten lapp med kva dei skulle vise fram. På lappen til Annelise stod det: «Eit utdrag av «For lukkede dører» av Jean-Paul Sartre».
— Det er eit teaterstykke som handlar om tre døde personar, som ikkje får koma korkje til himmelen eller til helvete. Dei vert i staden dømde til å vera saman i eit rom utan dører, vindauge og speglar. To kvinner og ein mann. Eg spelar den eine kvinna. Ho er lesbisk og forelska i den andre kvinna. Som på si side er forelska i mannen. Han er berre forelska i seg sjølv. Eg har maks fire minuttar på meg. Kjem nok til å ha godt med nerver når klokka nærmar seg halv tre. No kan eg ikkje gjera anna enn å venta, seier unge Grindheim, då Grannar stikk innom kring lunsjtider.
Var vikar
Då Annelise gjekk i 8. klasse på Enge skule, hadde ho ikkje overraskande drama som valfag. Det året var Ellen Dorrit Petersen vikar på skulen. Ho går no 3. og siste året på Statens Teaterhøgskole.
— Eg møtte henne litt tidlegare i dag. Ellen tok seg tid til ein god prat, og ønskte meg lukke til. Slikt varmar. Har også fått ein del tekstmeldingar. Mor mi har passa på å spreia informasjon om kva dottera gjer på. Hadde gjerne vore like greitt om ingen visste noko, meiner 18-åringen, medan alvoret nærmar seg, og sommarfuglane tek meir og meir plass i magen.
I Fyllingsdalen
Dei siste to og eit halvt åra har Annelise Grindheim vore elev på Fyllingsdalen vidaregåande skule.
— Det er den einaste vidaregåande skulen i Hordaland som tilbyr dramaline. Eg har hatt ei fin tid på skulen, og det har ikkje mangla på spennande prosjekt og oppsetjingar. Hadde mellom anna sju, åtte roller i «Peer Gynt». Spelte Peer i 3. akt, der Mor Aase døyr. Stykket vart sett opp på Ole Bull-teateret i Bergen under Festspela i vår, ivrar Grindheim. Før ho held fram:
— I haust laga me vår eiga forestilling. Tok utgangspunkt i Dagbladet 31. august 2004, og laga ei tidsrett framsyning med eit kritisk blikk på media. Veldig lærerikt. Bergens Tidende såg stykket, og meldaren deira var helst svært positiv, fortel den utflytta etnebuen.
Har skuleplass
Same korleis det skulle gå under den korte og hektiske opptaksprøva i Oslo, så har Annelise skuleplass frå hausten av.
— Eg har søkt og fått stadfesta plass på Romerike folkehøgskule. Den er vide kjend for teaterlina si. Veldig mange av dei beste norske skodespelarane har vore innom skulen. Er nok ikkje dumt med eit år herifrå på CV-en sin. Skulle eg mot alle odds få tilbod om å starta på Statens Teaterhøgskole frå hausten av, får eg heller seia frå meg plassen på Jessheim, smiler teaterjenta.