Duell på fotballbanen

Arne Bergsvåg og Amund Enge tok utfordringa på strak arm, då russen ved Ølen vidaregåande […]

Arne Bergsvåg og Amund Enge tok utfordringa på strak arm, då russen ved Ølen vidaregåande skule inviterte dei til å stille med kvart sitt lag til ein kamp som skal opne helgas nattcup. Dei sporty ordførarane har ingen glansdagar på fotballbanen å stø seg til. Dei er begge så og seie nybyrjarar.
— Eg har spela ein halv kamp. Det var på eit skulelag i gymnastida. Då vart eg utvist etter ein omgang, eg blei litt for ivrige, seier Arne Bergsvåg.
Amund Enge stiller i same klasse.
— Eg har og berre spela ein omgang. Eg var med på Etne sitt lag i ein kamp mot Bjoa. Mine fotballkunnskapar er ikkje mykje å skrive heim om, seier han.

Ulike taktikkar
Kampen går av stabelen fredag kveld i Ølen idrettshall. Dei to duellantane vil ikkje røpa noko om lagoppstillinga.
— Eg kan seia at taktikken vår er å vera store og skremmande, og at eg skal vera spiss, seier Amund Enge.
— Taktikken vår er å vera smidige. Sidan eg bur ganske høgt til fjells, har eg utnytta det til ein god porsjon høgdetrening, seier Arne Bergsvåg, som satsar på siger.
— For oss er det ikkje kor mange mål som tel, men kor mykje show og underhaldning me kan skapa, seier Amund Enge.
Kampen er delt inn i to omgangar på ti minutt. Truleg vert det sparsamt med fotballkunstar, men dess meir lått og løye.