Dugnad eller som å pisse i buksa….

Her samanliknar Kalstveit det å innføre eigedomsskatt med å gjere dugnad for si eiga bygd. […]

Her samanliknar Kalstveit det å innføre eigedomsskatt med å gjere dugnad for si eiga bygd.
Ordet dugnad er positivt lada og dugnadsarbeid er ein positiv aktivitet som vi, spesielt i distriktsnoreg, har god tradisjon for å nytte til å løyse nødvendige oppgåver som elles ville stått uløyste. Det er derfor «behendig» (og ikkje så lite demagogisk) av Senterpartiet sin gruppeleiar å sukra den bitre pillen ved å kalle det for ein dugnad å innføre generell eigedomsskatt i Vindafjord.
Eg vil peike på ei mindre flatterande samanlikning. Å pisse i buksa når det er kaldt kan gi ein kortvarig varme, men det er ei flyktig glede – seier dei som har prøvt. Etterpå blir det både kaldare og surare.
Å innføre eigedomsskatt for å bøte på ein vanskeleg kommunal økonomi, kan lett gi ei slik kortvarig glede. Økonomien får eit løft og drifta blir tilpassa den nye situasjonen. Etter ein periode vil ein då vere tilbake i den same vanskelege stoda – berre på eit høgare nivå! Den kommunale forvaltninga, politisk og administrativt, gir seg sjølv ei sovepute og blir mindre observant på å sikre ei rasjonell drift ved stadig å jakte på fornuftige innsparingstiltak.
Tre klare føresetnader må vere på plass for at eg – og mitt parti – i det heile skal vurdere eigedomsskatt i Vindafjord:
1. Skatteinntektene må bli øyremerka slik at dei som betalar verkeleg merkar at dei får noko igjen for den skatten dei betaler.
2. Vindafjordingane må klart og tydeleg i ei folkerøysting eller i val gi uttrykk for at dei ønskjer ein slik skatt.
3. Fordelinga av skattebøra må opplevast som rettferdig av innbyggjarane.
Eg skal ikkje trøytte lesaren med alle dei andre, velkjente argumenta mot eigedomsskatt nå. Dei vil vel kome fram i kommunestyredebatten. La oss sjå i møte ein konstruktiv debatt i komunestyret den 5.12.!

Gunnar Ulland
Kommunestyrerepresentant (H)