— Dersom Dum Dum Boys kjem til vårt distrikt i sommar, blir det i Skånevik ein får sjå dei. Framleis er ikkje noko bestemt, men dei har sagt at dei har veldig lyst å komme. Eg får vite det sikkert i byrjinga av april, seier bluessjef Alf Warloe Christophersen.
Enorm pågang
Etter at det vart kjent at den verdskjende britiske rockegruppa Whitesnake gjestar Skånevik Bluesfestival, har telefonen ikkje fått ein sjanse til å bli kald.
— Det har vore ein enorm pågang frå heile landet, seier ein nøgd Alf Warloe Christophersen. Det er ekstra spesielt at gruppa vel å gjeste Noreg for fyrste gong i Skånevik. Whitesnake er ei gruppe av dei store dimensjonane, og har seld meir enn 40 millionar plater. David Coverdale er gründaren og den godt synleggjorte frontpersonen i gruppa. Han er mellom anna kjend for å ha vore vokalist i Deep Purple.
Alf Warloe Christophersen har tidlegare lova eit ekstra bra program i år, sidan festivalen feirar 10-årsjubileum. Han kan fortelje at det er fleire store namn på gang. Til no består programmet av fylgjande artistar: Whitesnake, Tutu Jones, Denise Lasalle, Henry Butler, Bjørn Berge, Lazy Lester, Frogner Tennisklubb og Paal Flaata – RC Finnigan & The Blue Flames.