Dyremotiv på utstilling

Utsillinga opna førre sundag og den skal henge fram til 27. juni. Teikne- og målelærar […]

Utsillinga opna førre sundag og den skal henge fram til 27. juni. Teikne- og målelærar Ingeborg Marie Eilerås kjem saman med tre av elevane, Marie Holmen (12), Tove Grønstad (12) og Ingrid Kallestadbakken (11), for å vise bileta. Det er møteverksemd på gang i galleriet, så det blir snautt med tid til å studere dei 20 verka som heng langs dei kvite veggene. Det rekk likevel til å sjå at her er det både fargeglede og talent.

Grundig opplæring
Dei tre jentene fortel at det er første gong dei har vore borti oljemåling.
— Me byrja med å lære å blande fargar, og å ha dei mørke fargane bakarst og dei lyse framme, seier Holmen.
— Men kva var det de lærte aller først, spør lærar Eilerås.
— Uff, kjem det frå Grønstad.
Det er tydeleg at det har vore ein arbeidsam prosess å bli kjend med oljemålingsteknikkane. Ikkje minst har oppryddinga etter kvar gong tatt tid.
— Det er strevsamt å vaske oljemålinga vekk, seier Kallestadbakken.
Eilerås fortel om den grundige opplæringa ho har gitt om fargebruk, penselstrok, komposisjon og kunsten å få djupne i biletet.
— Me laga mange fargeprøvar i byrjinga som ei førebuing til å sjå fargane i måleriet, forklarer Eilerås, som sjølv er utdanna ved kunsthøgskulen og kunstakademiet i Bergen.

Slepp seg meir laus
Det er flest jenter i teikne- og målegruppa ved kulturskulen i Etne, men det er også fire gutar med på utstillinga. Oppgåva dei 20 elevane fekk var å måle eit dyr. Mange har tatt med seg bilete av kjæledyr heimefrå, men nokon har også funne bilete av ville dyr. Både fotografia, skissene og dei ferdige måleria er med på utsillinga i galleriet på Fugl Fønix.
— Eg har måla ein katt me hadde for lenge sidan, fortel Holmen om det fargesterke kattebiletet sitt.
Kallestadbakken sitt motiv er hunden Siko som familien hadde då ho var mindre. Grønstad har måla hesten sin Veslemøy.
No tar kulturskulen sommarferie, men til hausten skal kunstnartalenta utviklast vidare.
— No har me halde på med nøyaktigheitsarbeid lengje, så til hausten vil me sleppe oss meir laus. Då vil me prøve oss på meir moderne motiv, seier Eilerås.
— Det er både sosialt og livleg å jobbe i lag med ungar, legg ho til.