Dyrevelferd i praksis?

å halda seg vekke frå direkte trugslar. Me seier berre – kor liten går det […]

å halda seg vekke frå direkte trugslar. Me seier berre – kor liten går det ann å bli og kor små går det ann å tru at andre er???
Sponheim har gått i bresjen for dyrevelferd og med store ord har han proklamert at dette er ting landbruksnæringa berre må ta innover seg uannsett kostnad. Me har ved fleire høve lese om at folk legg ned heile drifta p.g.a. desse krava. 5 cm for smal bås eller 2 cm for lågt fôrbrett er kroken på døra dersom det ikkje blir utbetra. At dyr skal ha det godt er me heilt einig i, men har desse små centimetrane gjort at dyr har lidd eller dauda. Svært tvilsamt!
Det er så enkelt å gi slike pålegg når det ikkje kostar ein sjølv nokon ting – i tillegg får ein jo koma på TV. Ikkje fullt så enkelt er det når ein lyt vera med sjølv å ta kostnaden for den akutte dyrevelferden. For dyrevelferd utanom vanleg kontortid er stort sett akutt og kostar pengar. Dette har Staten tatt på seg eit ansvar for. Og her er det berre å gjera vedtak, her må faktisk Sponheim forhandla med ei yrkesgruppa som kan setja makt bak krava sine. Som vist på TV går det jo ann å bli ganske rasande over at andre og har ei meining! Når ein ser reaksjonen er det freistande å referera eit ordtak som seier: «Stor tvil, djup visdom. Liten tvil, liten visdom.»
Nå døyr altså dyr på båsen nærmast dagleg p.g.a. manglande veterinæravtale – og midt oppi dette fann Sponheim det heilt naturleg å reisa på ferie utan å ha funne ei løysing! Kor er den store omsuta då for dyrevelferden herr Sponheim????
Politikarane kan ikkje forstå kor politikarforakten kjem frå – kanskje dei kunne prøva å spørja?

Lars Ø. Grønstad
Sigve Sørheim