Eg berre lurte på…

Av gamal lære og folkeskikk såg eg etter skilt, men nei, ikkje noko peika i […]

Av gamal lære og folkeskikk såg eg etter skilt, men nei, ikkje noko peika i retning av politi.
Men som god nabo til ølensbuen på adle måtar, og ivrig lesar av Ole Stene sine mange innlegg, tenkte eg mon Ole har skrive noko om dette? Konne ikkje koma på det.
Så eg måtte tenkja sjølv, det er visst så monge så gjere det nå om dagen. Det er visst berre datamaskinene og EØS som tenkjer for oss. Me Ola Donkane er berre med på lasset. For å gjera sakjo kort og grei; kor finn eg lensmannskontoret i Ølen? Svar får eg sikkert i neste Grannar.

Endre Tjelmeland