Eg er grepen av ordet «Frelsa»

Ordet seier at Gud valde oss ut i Kristus før grunnvollen til verda vart lagd, […]

Ordet seier at Gud valde oss ut i Kristus før grunnvollen til verda vart lagd, så vi skulle vera heilage og ulastande for hans åsyn. Dette er frå høgaste hald. Ingen av oss kunne frelsa oss sjølv, men takk og lov, det var ein som kunne det. Det var ein som ville det (Johs 3.16) Å, om me menneske kunne vera meir takknemlege for Guds frelsa. Det står så greitt Fil 4.4: «Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk» Dette ser me at fylgde Jesus, frå han vart fødd, til han for til himmelen. Maria og Josef, Hyrdingane, Dei vise menn, Simeon og Anna i templet. Så høyrer me om Sakkeus som tok imot Jesus med gleda. Det heiter då den bortkomne sonen kom heim til farshuset: «Og dei tok til å gleda seg». Det underlege er at når lærsveinane kom til Jerusalem etter å ha sett Jesus fara opp til himmelen står det: «Og dei heldt seg alltid i templet og lova og prisa Gud». Skulle eg halda fram med å skriva, kor stor bruk eg og du har for Jesus, så vart ikkje lista mindre. Korleis hadde det gått med tollaren i templet, med Sakkeus, med den bortkomne sonen, med røvaren på krossen, ja med deg og meg. Korleis hadde det gått med kong David etter syndefallet med Batseba. Bibelleseplanen igår synte til Rom. 3.22-23: «For det er ingen skilnad, alle har synda og står utan æra for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Jesus Kristus».

Erik J. Grønstad