Ei bøn om vekking

Eg trur at det er ei æva. Sanninga om æva seier meg to ting. 1 […]

Eg trur at det er ei æva. Sanninga om æva seier meg to ting. 1 Peter 5,10 seier: «Men all nådes Gud som har kalla dykk til sin evige herlegdom i Kristus Jesus». Merk orda «i Kristus Jesus». Det er for hans skuld me kjem til himmelen – her er det ikkje tvil.
For ei tid attende skreiv eg frå Ef. 1,3. Der står: «Lova vere Gud, vår Herre Jesus Kristi Far, han som har velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus.» Her er ordet Kristus det siste ordet.
Eg veit ikkje om eg skal våga skriva sanning nummer to, eg har fått motinnlegg i Grannar. Men eitt er sikkert. Eg har skrekk for å vera att på jorda når Jesus har henta si brur.
Eg ber om vekking, for meg sjølv, for mine og for mine mange kjenningar og vener. Du som vil til himmelen må be, du og eg er glade i menneske.
Eg stansar her. Songverset seier: «Jesus vil ha alle. Ikke en så ussel er, at ei Jesus har han kjær. Han kan frelse, nå og her, Jesus vil ha alle».

Eirik J. Grønstad