Ei god pølsa

Då detta hende var eg berre ungguten 15 – 16 år gammal. Og det var […]

Då detta hende var eg berre ungguten 15 – 16 år gammal. Og det var fyrste gongen eg skulle få vera med dei som var eldre på jakt. Vanleg var me i fjellet opp til ei heil veke om gongen.
Ein av dagane var me lens for middagsmat. Då seier ein av karane, Lars Åsheim, at du Ingvald er lett på foten, du får springa ned til bygda å kjøpa noko av den besta pølso hjå Ingebrigt. På den tida var det to kjøttbutikkar, Matre og Åsheim. Eg fekk beskjed om å gå til Åsheim. Han hadde ei grovmalen feit og god pølsa.
Eg sprang så fort eg kunne. Snart var eg forbi Valdra, og ikkje lenge etter stod eg i butikken der pølsene var. Andpusten som eg var, såg dei på meg og spurte kor hen eg skulle med så mykje pølsa.
Så var det til å ta til på motbakkane. Det var ikkje så lett nå, og det gjekk ikkje så fort. Men til slutt så var eg i hytta. Og pølso kom seg i gryto. Pølsene var ferdigkokte. Lars han var stuert av fag og flink til å koka.
Maten vart servert. Pølsa gjekk ned på høgkant, medan ei god jaktskrøne vart til dessert.
Dette var eit minne frå ei god pølsetid.

Ingvald Åsheim