Eg tenkjer på dei der heime, eg trur ikkje eg kjem til å overleva dette.
Nå høyrer me dei kjem, kor mange dei er veit me ikkje. Det er i grålysninga. Først ser me berre ein soldat, men fleire fylgjer etter han. Me ligg heilt i ro ved sida av vegen, med fingeren på avtrekkaren. Der kjem fleire soldatar. Dei stoppar litt og lyttar. Dei skrik og brøler. Spenninga er ikkje til å halda ut. Eg var sikker på at nå var slutten komen for meg.
Men som eit heilt under, gjer soldatane heilomvending og forsvinn. Ein skulle tru at det var ei høgare makt som passa på oss.
Klokka var seks om morgonen, og me fekk avløysing. Me skulle nå få kvila oss litt etter ei kald natt. Den verste eg har opplevd.
Ingvald Åsheim