Ei øm tå hos Frp

Men så enkelt skal det ikkje få vera – ikkje for Frp heller. Frp har […]

Men så enkelt skal det ikkje få vera – ikkje for Frp heller. Frp har kome høgt på gallupen i det siste, og då må dei finna seg i at me andre bryr oss litt meir om dei og ser nøyare på kva dei faktisk meiner. Eg skriv ikkje ofte om Frp sin politikk, men gjorde det denne gongen fordi veljarane fortener at me tek partiet på alvor og får fram dei sidene dei ikkje snakkar om sjølv.
Eg såg på distriktspolitikken til partiet, og bygde utelukkande på forslaget deira til statsbudsjett for 2008 og på partiprogrammet. Det er Halleland som kallar dette skremselspropaganda, og eg er ikkje usamd. Eg tok fram at Frp føreslår dramatiske kutt for distriktskommunar, næringsutvikling i distrikta og landbruket. Kutta er så voldsomme, og skal skje over så kort tid at det må reknast som fatalt for mykje av verksemda t.d i Grannar-kommunane, om ein tenkjer seg det gjennomført.
Det er verdt å leggja merke til at Halleland ikkje gjekk inn på nokon av desse felta. Eg må altså ha treft ei øm tå. Den kjem ikkje til å bli mindre øm gjennom vidare debatt.
Det Halleland tok opp var at det var nytt for Frp og litt morosamt å bli kritisert for å bruka for lite pengar. Eg kritiserer ikkje partiet for å villa bruka for lite pengar, men for å villa knusa sider ved det norske samfunnet dei av ideologiske grunnar ikkje likar. Når dei skal kutta titals milliardar til norske distrikt samstundes som dei føreslår å bruka fleire titals milliardar meir enn alle andre totalt sett, kan det ikkje forståast som anna enn ideologisk motstand. Det er det greitt å merka seg på bygdene.
Svart på kvitt er det slik: Frp er mot små kommunar, offentleg næringsstøtte og bønder og landbruk som har reguleringar og tilskot som gjer det mogleg å driva vanlege norske bruk i vårt klima. Sp vil ha alt dette, fordi det skapar nærleik til dei som styrer lokalt, det gir høve til å starta bedrift også for dei som ikkje har ein rik onkel, og det gir altså rom for eit livskraftig landbruk.
Då hjelper det ikkje med Halleland sitt uspesifiserte valflesk om Frps planar for vegbygging, «kommunal råderett over eigne areal», og «tru på bonden» til erstatning. Vegbygging er Sp og Frp mest opptekne av: Førebels har Sp fått bygt ein masse veg, medan det berre har vore prat med Frp. Plan- og bygningslova er først under sitjande regjering endra slik at bygging i strandsona skal vurderast strengt i Oslofjorden og fritt i våre fjordar med masse ledig plass. Og tru på bonden er altså til lita trøyst når Frp tek vekk importvernet, jordbruksavtalen og dermed inntekta. Då har bonden fridom berre til å leggja ned. Det rammar ikkje berre bonden, men heile lokalsamfunnet, næringskjeda rundt, reiselivet og forbrukarane.
Tåa er øm fordi Frp ikkje kjem til å endra standpunkt her som dei gjer på mange andre felt, dei må meina dette for å vinna veljarar i byane.

Steinulf Tungesvik,
fylkesleiar Hordaland Sp