Ei veke på 38 kilometer

— Eg var hos lege i Haugesund torsdag 7. desember. Der fekk eg resept på […]

— Eg var hos lege i Haugesund torsdag 7. desember. Der fekk eg resept på medisinar eg skulle ta frå første dag. Eg kom ikkje til å gå på apotek i Haugesund, men venta til eg kom til Ølen. Der hadde dei ikkje desse medisinane inne, men sendte dei til meg måndag. Då skulle eg hatt dei i hende dagen etter, seier Johannes Markhus.
Men fredag hadde han endå ikkje fått medisinane, og han er fortvila over ikkje å få begynne å ta dei, slik legen har gitt beskjed om. Medisinane betalte Markhus då han bestilte dei, og resepten ligg i pakka frå Ølen Apotek.

Nye medisinar
— Er du vant med sein postgang?
— Det går seint somme tider, men med medisinar er det noko spesielt. Då er det grunn til å bli meir uroa, men at Posten skal bruke meir enn ei veke på 38 kilometer, som det er frå Ølen og hit, er heilt utruleg, seier han.
Johannes Markhus fortel at om medisinane ikkje akkurat er livsviktige, er det alvorleg nok.
— Eg har fått beskjed om at det går ei stund før medisinen verker, og når eg har fått ny time hos lege alt, vil ein del bli rokert. Særleg når det går over ei veke før eg får begynne å ta dei, seier han.
Etter at posten var kome til Markhus fredag ettermiddag utan medisinpakka, hadde Johannes Markhus dette å seie;
— Det høyrest ut som om eg skal få medisinane i dag. Apoteket har ordna det slik at eg skal få nye medisinar. Eg har ein son som skal hente dei på apoteket i Ølen i ettermiddag, seier han.
Medisinpakken dukka til slutt opp i posten laurdag.

Sendt på vanleg måte
Apotekar Trond Maurseth ved Ølen Apotek seier at medisinpakka til Johannes Markhus er sendt på same måte som dei brukar å sende medisinar.
— Dette er medisinar vi ikkje har på lager. Difor måtte vi bestille dei. Dei kom hit laurdag, og vi sende dei vidare måndag, normalt skulle han hatt dei tysdag, seier Maurseth.
— Er de mykje plaga av sein postgang?
— Nei, normalt fungerer det fint, men det har vore nokre problem dei to siste vekene. Då er det frustrerande, vi bruker mykje tid på dette, men vi satsar på sending med buss der det går, seier han.

Ingen spor
Informasjonssjef i Posten, Eivind Rossen seier seg sterkt lei for at slikt som dette hender.
— Sjølv om ein er inne i ei travel tid, skal ikkje slikt hende. Eg har brukt denne dagen på å prøve å spore pakka opp, men har ikkje lukkast, seier Rossen i 14-tida fredag. Kva som kan ha hendt, kan han ikkje svare på.