Den lokale tv-stasjonen med base i Haugesund sendte måndag ut melding om at selskapet er seld. Haugaland Talentforvaltning AS overtar 66 prosent av aksjane. Nesheim er hovudaksjonær i dette selskapet, som også er eigd av karmøybuane Brian Paul Sjøen og Arne Utvik dy. Haugesundaren Nesheim har også tidlegare vore eigar i tv-kanalen.
Ei gruppering av tilsette har kjøpt den resterande eigaradelen. Dette er Arve Sæther, Yngvar Johansen, Kathrine Kittang og dagleg leiar Frode Nygaard. Tidlegare eigarar var ei lokal investorgruppe.
— Me har stor tro på det me held på med og ynskjer å utvikle kanalen vidare, og samstundes tilpassa drifta den økonomiske røynda, uttaler Frode Nygaard i ei pressemelding.
Eigarskiftet kjem ikkje som noko bombe. Aksjeselskapet TV Haugaland AS har gått med store underskot dei siste åra og hadde ved utgangen av 2007 ein negativ eigenkapital. Dei reelle tala viste minus 8,5 millionar før skatt i 2006 og 2007. Rekneskapen for fjoråret er endå ikkje offentleg. Seinast i januar måtte kanalen ty til permitteringar.
Eigarskifte i TV Haugaland
Den lokale tv-stasjonen med base i Haugesund sendte måndag ut melding om at selskapet er […]