Eigedomsskatt i Vindafjord

Denne særskatten for berre dei innbyggarane med eigedom i Ølen sentrum, må kjennast urettferdig og […]

Denne særskatten for berre dei innbyggarane med eigedom i Ølen sentrum, må kjennast urettferdig og krenkande. Vindafjord arbeiderparti er heilt klar på at ein slik særskatt på eigendommar for berre ein liten del av innbyggarane skal vi ikkje ha i det nye kommunefellesskapet.
I Per Hervik Heggebø sitt leserinnlegg i Grannar 20. juli, siterer han frå pkt. 2 frå kommunestyrets vedtak 14. juni. Her har han utelatt det første ordet i vedtaket. «utvida eigedomsskatt utover verker og bruk osv.» Den rette teksten skal vere; «Eventuell utvida eigedomsskatt utover verker og bruk er for å sikra intensjonen om levande bygder og bygging av infrastruktur og utvikling av kommunen. Kommunestyret ber rådmannen saman med saksførebuande utval for utvikling utarbeide eit regelverk for dette innan budskjetthandsaminga for 2007.»
Kommunestyret har altså ikkje gjort noko vedtak om eigedomsskatt, men skal sjå på kvifor tenestetilbodet blir så mykje dårligere i den nye kommunen enn då ein var to sjølvstendige kommunar.
Argumenta for å slå Vindafjord og Ølen kommunar saman var at ein skulle rasjonalisera slik at ein fekk pengar til overs og dermed kunne forbetre tenestetilbodet til innbyggarane.
I staden har kommunen blitt tvungen til å redusera med åtte sengeplasser på sjukeheimane i Ølen og Vats. Dette har ført til at lista for å få plass for dei eldre på sjukeheim er blitt høgare, og dermed større press på eldreomsorga.
Kommunen har redusert på hjelpa til dei skulebarna som treng ekstra hjelp for å lære å lese, som er nøkkel til all annan bokleg lærdom. Denne dårlige økonomien som den nye kommunen har fått, har ført til at staten og Fylkesmannen i Rogaland har sett kommunen under offentleg administrasjon når det gjeld låneopptak. I staden for folkevalte, er det Fylkesmannen i Rogaland som bestemmer utviklinga av kommunale innvesteringer som treng låneopptak. Dette er årsaka til at spørsmål om utvida eigedomsskatt kjem opp i den nye kommunen. For verken Ølen eller Vindafjord diskuterte å innføre eigedomsskatt før samanslåinga.
På bakgrunn av at kommunesamanslåinga har ført til at innbyggarane har fått eit dårlegare tenestetilbod enn det dei hadde, så stemte Vindafjord arbeiderparti for ei utgreing som skal belyse kvifor vi som innbyggarar i den nye kommunen har fått eit dårlegere tenestetilbod enn kva ein hadde når ein var to sjølvstendige kommunar.
 Reidar Håvås,
Vindafjord arbeiderparti