Eigedomsskatt må vere lik for alle

Slik det er i dag, er det om du bur på høgre eller venstre sida […]

Slik det er i dag, er det om du bur på høgre eller venstre sida av vegen som avgjer om du skal betala eigedomsskatt eller ikkje. Me kan ikkje ha det på denne måten. Enten får alle betala eller ingen. Politikarane våre vil nå dela kommunen vår opp i A, B, C og D distrikt, og skatta oss etter kva distrikt me bur i. Resultatet av dette blir at alle, bortsett frå nokon av dei som kjem i eit D distrikt, vert missnøgde.
Eller er det kanskje slik å forstå at det er nettopp dei som bur i eit D distrikt som må betala mest fordi skatten skal gå til å berga dei små krinsskulane? I så fall er missnøgda fullkomen. Nei, la oss stella oss slik at alle vindafjordingar blir fornøgde.
Då den raud-grøne regjeringa vedtok ei lov om at eigedomsskatt kunne innførast (halda fram) i ein kommune dersom den omhandlar alle innbyggjarane, trur eg neppe at den tenkte på at kommunen kunne delast opp på den måten som Vindafjord kommune her har tenkt å gjera.
Kjære politikarar, før de røystar over om de skal innføra eigedomsskatt eller ikkje, må de vita om det er lovleg det de gjer!
I Lov om eigedomsskatt § 11 står det: Eigedomsskatten skal vera minst kr 2 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1.000 av takstverdet. I § 13 står det: Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr. 1.000 av takstverdet. Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn kr 2 for kvart kr 1.000. Like før påske, spurde eg ein skatteekspert hjå fylkesmannen om Nye Vindafjord kommune, dersom den innførde eigedomsskatt , måtte byrja med kr 2 pr. kr. 1.000, eller kunne den leggja skatten i Ølen sentrum som utgangspunkt og dermed byrja med kr 7 pr. Kr 1.000?
Han kunne ikkje svara meg, men skulle ta det opp med Kommunaldepartementet. Ingen kunne svara på det der heller, men dei skulle ta det opp til handsaming, og eg ville få svar så snart som mogeleg. Seinare har eg ikkje høyrt noko, men når eg i dag går inn på internett for å finna fram ovannemnde lov, er det kome til ei forandring, og her står det: Får ein kommune nye grenser, skal reglane i første leden ikkje vera til hinder for at det på eigedomar i området som kjem med i kommunen, vert skrive ut eigedomsskatt etter satsar som før utvidinga.
ENDRA MED LOV 16. JUNI 2006 NR. 25 (f.o.m. skatteåret 2007).
Då vil eg spørja: Var Ølen sentrum ein kommune som nå er utvida med Ølensvåg, Bjoa , Vikebygd og heile gamle Vindafjord Kommune, eller er Nye Vindafjord ein ny kommune som dermed kan ( eller rettare sagt må ) byrja med blanke ark?

Harald Heggebø
Ølen