Men for å få det til, måtte ein i følgje lova også krevja inn eigedomsskatt i tettstadene. Det var grunnen til at eigedommar i sentrum av Etne og Skånevik kom inn under ordninga med eigedomsskatt. Men det blei den gong sterkt understreka at det kun var eit svært avgrensa område som skulle skattleggjast. Føresetnaden var også at det geografiske området som kom inn under denne grensa skulle tilgodesjåast med gatelys, fortau og andre fasilitetar som høyrer til i ein tettstad.
Det vil med andre ord seia at det ikkje var dei som bur og driv næring i dei to tettstadene som skulle svi. Utan at me kjenner konkret til kva som har vore betalt i eigedomsskatt, har me ikkje inntrykk av at det har vore snakk om heilt urimelege summar.
Ikkje før nå. Eigedommane i Etne kommune er nyleg blitt omtakserte, noko som for mange har ført til ein enorm auke i eigedomsskatten. For mange er det snakk om mange hundre prosent auke.
Dette har ført til sterke reaksjonar og ordførar Amund Enge seier til Grannar at han er kjent med at det er protestaksjonar på gang. Sentrumsforeininga i Etne har på oppmoding frå medlemmene engasjert seg og har kalla inn til eit møte med kommunen.
Ole Strømø ved Møbelringen i Etne seier at dersom tala han er blitt presenterte stemmer, er det uinteressant å driva forretning i Etne i framtida. Det bør dei ansvarlege i Etne kommune leggja seg på øyra. I staden for å drepa interessa til dei som driv næring med ein slik skatteauke, bør kommunen vera med og leggja til rette for at det kan vera interessant å driva næring i kommunen.
Me minner om at nivået på eigedomsskatt er det kommunane sjølve som bestemmer, og ikkje er eit pålegg frå staten eller nokon andre.