Eigedomsskatten i Nye Vindafjord – nok er nok!

Men dette kan ikkje ordføraren vår vera samd i, i og med at han kjem […]

Men dette kan ikkje ordføraren vår vera samd i, i og med at han kjem med eit eige framlegg som lyder slik: «Inntil vidare vert det krevd inn eigedomsskatt som for dei gamle kommunane.»
Framlegget frå ordføraren fekk eit stort fleirtal i kommunestyret. Med andre ord vil det seia at berre me som bur ved Ølensjøen skal betala denne urettferdige skatten. Det hadde vore gildt om nokre av dei representantane som gjekk inn for dette kunne gi oss ei god grunngjeving for si avgjerd.
Rettnok har ein av representantane kome med si grunngjeving tidlegare, men for å seia det med tidlegare statsminister Bondevik – det hang ikkje på greip! Det vart sagt at me som bur i sentrum har så mange fordeler, og difor må betala eigedomsskatt. Og kanskje er det meininga til mange som bur kring i grendene våre.
Me som bur i sentrum ser ikkje denne fordelen. Tvert om ser me mange ulemper. Tilgrising av vegar, herverk og ulovleg køyring gjennom Sjoargarden kvar einaste kveld.
I utgangspunktet sloss me MOT eigedomsskatten, men skal me betala – ja, så er det iallfall rett at dei som bur i utkantane også skal betala.
Dette vil eg grunngje med følgjande: I budsjettet for 2006 er det rekna med ei utgift på kr 2 574 500,- for drift av kommunale vegar. Og kva kommunale vegar er det snakk om? Jo, høyr berre her: I Vikebygd er det kommunale vegar til Trovåg, Bjordal, Dommarsnes, Naustvik, Alne, Kvamstø, Årvik, Gangstø og veg nesten til Dalen. På Bjoa er det kommunale vegar til Gardavika, Sandvika, Svalland, Apalvik, Dalsbruket, Rotvold, Dalen – og Steinsland. I Ølen er det kommunale vegar til Frøndsagl, Økland, Hedlevad og Hiksdal. Ingen av dei som bur til desse vegane vert krevd for eigedomsskatt. Derimot har me vegane opp Osabrekko og over Ryo, Nerheim og Eio i Ølen sentrum – alle private vegar, som burde vore kommunale. Paradoksalt nok betaler alle ved desse vegane eigedomsskatt.
Eg berre nemner at det i 2005 vart innbetalt kr 288 000,- i eigedomsskatt frå bustadeiningar i sentrum. Fram til juni 2006 vil det såleis kunna koma inn omlag kr 144 000,-. Det vil knappast merkast om ein sparer dette inn på vedlikehaldsbudsjettet og sløyfer eigedomsskatten for oss også.
Korleis det er med dei kommunale vegane i gamle Vindafjord veit eg ikkje, men er det like urettferdig der, er det på høg tid at det vert gjort noko med det. At me som bur i Ølen sentrum skal betala denne skatten fram til juni, medan alle elles i den nye kommunen slepp, er så urettferdig som det kan bli. Dei folkevalde hadde verkeleg sjansen til å visa at det iallfall skulle koma ein positiv ting ut av at kommunane vart slegne saman, men dei greip han ikkje.
Eg, og mange med meg, har tidlegare stilt mange spørsmål til ordførar og andre, utan at eg har sett noko svar. Difor har eg ikkje stilt spørsmål denne gongen, men dersom det er noko gale i det eg har skrive, reknar eg med at rette vedkomande korrigerer meg. Eg tur det er mange som er interessert i dette. 
Og kanskje kan eg drista meg til eit lite spørsmål til slutt – til dei som må betala eigedomsskatt og dei som eventuelt vil støtta oss i kampen mot eigedomsskatten: Er det noko me kan gjera for å endra på den manglande rettferda?
 
Ølen, 27. desember 2005 
Harald Heggebø