Ein einaste ting

Ein ting, ein person, Jesus. Han er den einaste grunnen til at eg kjem til […]

Ein ting, ein person, Jesus. Han er den einaste grunnen til at eg kjem til himmelen. Derfor er mitt forhold til han så viktig. Kva er han for meg? Han er med eit ord sagt, mi frelse. Han kom til jord for å ordna mi sak, og på guddommeleg vis vart han gjennom sitt liv, sin død, sin oppstanding, min frelse. Alle menneske må få høyra om han, læra han å kjenna, tru på han.
Slik gjorde Gud det for å få oss menneske til himmelen. Eg vert ikkje ferdig med å beundra Gud for det han gjorde. Nå ber Gud oss om denne eine tingen: Jesus byrjar sin siste tale slik «Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje reddast. Tru på Gud og tru på meg». Korleis er vårt forhold til Jesus, er han blitt det største, det mest nødvendige på jord? Vær stille i hjarta for Jesus. Han er i ordet sitt, for han «er» ordet.
Ein ting eg ofte tenkjer på er at Jesus kjem att for å henta sine. Eg har stor respekt for dette. Han ber oss vaka og venta, vera ferdige. Det er vondt å lesa om dei 10 brurmøyene som gjekk ut for å møta brudgommen. Fem av dei fekk vera med til himmelen. Det står om dei første kristne i Apostelgjerningane 2.42. «Dei heldt urokkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødbrytinga og ved bønene». Lat desse første kristne få læra oss å halda urokkande fast.

Erik J. Grønstad